1 Fiske etter laks, sjøaure og innlandsfisk generelt

Fiskaravgift

  • Alle som har fylt 16 år må betale fiskaravgift. Den kostar i 2000 kr 90 for eit år dersom du berre skal fiske innlandsfisk, kr 180 for eit år dersom du også skal fiske anadrome artar. For innlandsfisk er det høve til å betale fiskaravgift for berre ei veke, og ein kan også løyse felles kort for ein heil familie. Frå og med 1996 krevst det ikkje lenger fiskaravgift for å fiske drive fritidsfiske etter laks og sjøaure i sjøen. Krokgarn- og kilenotfiskarar må fortsatt betale fiskaravgift (Forskrift om fiskaravgift, fastsett av Miljøverndep. 15. juni 1993, med endringar 20. mars 1996).
  • Løyve til å fiske

  • I tillegg til betalt fiskaravgift må den som skal fiske skaffe seg løyve frå den som eig fiskeretten, enten gjennom kjøp av fiskekort eller ved avtale. Barn under 16 år har rett til gratis fiske etter innlandsfisk på nærare vilkår (sjå kap. 3 om "Barns rett til gratis fiske etter innlandsfisk").
  •  

    2 FISKE I VASSDRAG DER DET ER ANADROME LAKSEFISK (LAKS OG SJØAURE)

    Fiskesesong 2000 - 2003 NB!!

    Fylkesmannen i Rogaland har den 22.02.2000 fastsett følgjande fisketider i vassdrag i Rogaland som fører anadrome laksefisk for åra 2000 - 2003:

    Endringar i 2000 i forhold til 1999 er markert med utheva skrift:

    Det er tillate å fiske anadrome laksefisk i følgjande vassdrag i det oppgitte tidsrommet. Første og siste dag i perioden er oppgitt. På elvestrekningar med anadrome laksefisk gjeld fisketidene også for innlandsfisk, med unntak for Suldalslågen (sjå neste side). I dei elvane det blir opna for fiske visse dager i veka gjeld fisketida heile døgnet, d.v.s frå og med den først oppgitte dagen kl 00.00 til og med siste oppgitte dagen kl 24.00.

    Sira 15. juni - 14. sept.

    Sokndalselva 15. juni - 20. sept., kun onsdag til og med søndag

    Hellelandselva 1. juli - 20. sept.

    Bjerkreimselva 15. juni - 20. sept.

    Hellvikelva 1. juli - 20. sept.

    Ogna 1. juni - 20. sept.

    Fuglestadelva 1. juni - 20. sept.

    Kvassheimselva 1. juni - 20. sept.

    Søndre Varhaugelv 1. juni - 20. sept.

    Nordre Varhaugelv 1. juni - 20. sept.

    Håelva 1. juni - 20. sept.

    Orreelva 1. juli - 20. sept.

    Figgjoelva 15. juni - 30. sept.

    Storåna, Sandnes 1. juli - 20. sept.

    Dirdalselva 15. juni - 14. sept.

    Frafjordelva 15. juni - 31. aug., kun nattfiske kl. 18.00 - kl. 09.00

    Espedalselva 15. juni - 31. aug., kun torsd. til og med sønd. (sjå neste side)

    Eiaelva 15. juni - 31. aug.

    Lyseelva 15. juni - 30. sept., (sjå neste side)

    Jørpelandselva 15. juli. - 31. aug., kun fredag til og med sønd. (sjå neste side)

    Årdalselva 1. juni - 14. sept., kun onsdag til og med søndag

    Hjelmelandselva 15. juni - 31. aug.

    Vormo 15. juni - 31. aug.

    Førre 1. juni - 31. aug., kun torsdag til og med søndag.

    Ulla 1. juni - 31. aug., kun torsdag til og med søndag.

    Hålandselva 15. juni - 31. aug.

    Suldalslågen 15. juli - 20. sept. (sjå neste side)

    Storelva/Nordelva, Sauda 15. juli - 30. sept.

    Vikedalselva 1. juni - 14. sept., kun onsdag til og med søndag

    Rødneelva 1. aug. - 14. sept., kun fredag til og med søndag

    Åmselva 15. juni - 14. sept.

    Kvaleelva 15. juni - 14. sept.

    Grindeelva 15. juni - 14. sept.

     

    Fisketid i mindre vassdrag

    I vassdrag som fører anadrome laksefisk (laks og sjøaure), men som ikkje er nemnde i denne forskrifta, er det tillate å fiske frå og med
    1. juli til og med 14. september.

     

    Andre reglar for fiske i vassdrag med anadrome laksefisk:

    Døgnkvote

  • Døgnkvoten blir definert som det totale tal på anadrome laksefisk (laks og/eller sjøaure) kvar fiskar kan avlive kvart døgn. Døgnkvoten er på 10 fisk i Figgjo-, Hå- og Ognaelva og døgnkvoten er på 5 fisk i alle andre elvar i Rogaland. Kvoten er personleg og følgjer fiskekortdøgnet eller kvar dato for helg, veke og sesongkort. Fisk som blir sett ut att levande, i god form, blir ikkje rekna inn i kvoten. Det er ikkje lov å setje ut att død, døyande eller alvorleg skada fisk, t. d. fisk som har svelgt agnet. Når ein fiskar har nådd døgnkvoten skal fisket opphøyre.
  • Krokingsforbod

  • Det er ikkje lovleg å fiske på ein slik måte at fisk blir kroka. All kroka fisk skal straks setjast ut att i elva. Dersom ein krokar fisk og dette skuldast måten eller staden ein fiskar på, skal fisket straks opphøyre. Ein fisk er definert som kroka dersom kroken ikkje sit i eller umiddelbart i nærleiken av kjeften.
  • Forbod mot fiske av vinterstøing

  • Det blir ikkje opna for fiske etter vinterstøingar av laks og sjøaure. Vinterstøingar som likevel blir fanga, skal straks setjast ut att i elva mest mogleg uskadd.
  • Bruk av søkkje

  • For vassdrag i Rogaland blir det gjeve dispensasjon til å bruke søkkje i kombinasjon med også andre agntypar enn makk. Jfr. § 6 i "definisjonsforskrift" fastsett av Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 1993.
  • Spesielle regler for Suldalslågen

  • I Suldalslågen er det ikkje tillate å fiske med makk. Villaks som er lenger enn 75 cm er freda. Villaks større enn dette, som likevel blir fanga, skal straks setjast ut att i elva mest mogleg uskadd. Utsetjingspåbodet gjeld ikkje for laks som er merka med Carlinmerke, laks som er fettfinneklypt, eller laks som har uomtvistelege, ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks. All fisk lenger enn 75 cm, som blir avliva, skal visast til Suldal elveeigarlag sine kontrollørar. Det blir opna for fangst av innlandsaure større enn 25 cm i Suldalslågen ovanfor Sandsfossen frå og med 1. mai fram til laksesesongen sluttar.
  • Spesielle regler for Lyseelva

  • I Lyseelva er det sett ein total fangstkvote på 15 villaks og 150 sjøaure. Etter det er fiska 15 villaks blir det kun opna for nattfiske mellom kl. 18.00 – kl. 09.00 og all villaks som blir fanga, skal straks setjast ut att i elva mest mogleg uskadd. Utsetjingspåbodet gjeld ikkje for laks som har uomtvistelege, ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks. Etter det er fanga 150 sjøaure blir elva stengd for fiske.
  • Krav om kjøp av fangstrapporteringskort

  • I Jørpelandselva og Espedalselva er det eit vilkår for utøving av fiske at det er kjøpt fangstrapporteringskort som skal leverast inn seinast når sesongen er slutt. Kortet kan kjøpast der det blir selt fiskekort.

    Fiske ved oppgangshinder

    Følgjande område er definert som særskilt oppgangshinder i juli månad, der det i den nemnde perioden berre er tillate å fiske med fluge: Ei sone på nedsida av Sandsfossen i Suldalslågen, frå grensa for fredingssona ved laksetrappa og ned til ei parallell line tvers over elva 75 m lenger nede.

  • Utviding av fiskesesong

  • I år med vassføringstilhøve som gjer at fisketrykket blir svært redusert i einskilde elvar, kan fylkesmannen utvide fiskesesongen. Fiskesesongen kan aldri vare lenger enn til og med 30. september og utvidinga kan gjelde berre delar av vassdrag. Utviding kan vurderast i Sokndals-, Ogna- Fuglestad-, og Håelva.
  • Lovlege fiskereidskapar og agn i vassdrag med anadrom laksefisk

  • Stang er einaste lovlege reidskap i elvar med anadrom fisk (Forskrift A2). Bruk av fleire stenger samstundes pr. person er ikkje lov, og stanga skal ikkje forlatast under fiske (Forskrift A7, §6).

    Det er ikkje lov å nytte meir enn tilsaman tre krokar. Ein trippelkrok vert rekna som tre krokar. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 12 mm (krok nr 2/0). For enkeltkrok ikkje større enn 15 mm (krok nr 4/0) (Forskrift A7, §6).

    Einaste lovlege agn etter anadrome laksefisk i vassdrag er mark, sluk, spinnar, wobblar og flue. Ved fluefiske er det kun tillate å bruke flytande dobbe eller fluesnøre, unntatt reine blyliner, som kastevekt. Agn som ikkje fell inn under denne definisjonen er forbode (Forskrift A7, §6).

  • Fiske etter innlandsfisk i innsjøar og vatn med anadrome laksefisk

  • I aktuell fisketid for anadrome laksefisk (sjå under Fiskesesong 1999) er det i innsjøar og vatn der det går laks eller sjøaure tillate å bruke garn til fangst av innlandsfisk (aure, røye, sik mm.) når det vert fiska i større avstand enn 200 m frå elve- eller bekkeos. Setjegarnet skal stå på botnen i heile si lengd og ha alle flytarar (kork.ol.) neddykte. Dette gjeld ikkje der breidda på vatnet er mindre enn 200 m (Forskrift D102). Enkelte vatn er unntatt frå denne regelen og har totalforbod mot garnfiske, sjå nedanfor.

    Fiske etter innlandsfisk med stang frå land eller båt er tillate heile året i innsjøar med anadrome laksefisk. Lovlege agntypar er mark, sluk, spinnar, wobblar og fluge. I fredingstida for det aktuelle vassdraget (sjå under Fiskesesong 1999) er det ikkje tillate å fiske nærare elveos eller bekkeos enn 100 m (Forskrift fastsett av Fylkesmannen 14. juni 1993 og Forskrift A7 §6).

    Anadrome laksefisk som vert fanga utanom lovleg fisketid eller på ulovleg reidskap (f.eks. garn) skal straks kastast ut igjen (Lov om laksefisk og innlandsfisk § 47).

  • Innsjøar med totalforbod mot garnfiske

  • Følgjande vatn i Rogaland er unntatt frå denne regelen, og har dermed totalforbod mot garnfiske: Fotlandsvatnet i Egersund kommune, Bjårvatnet i Hå kommune, Grudavatnet og Lonevatnet i Klepp kommune, alle vatn med anadrom laksefisk i Time kommune og Molaugsvatnet i Gjesdal kommune (Forskrift D102).
  • Minstemål

  • Minstemålet for laks og sjøaure er 35 cm (Forskrift A2). For innlandsfisk (vassaure, røye, sik mm) i vatn og innsjøar der det er anadrom fisk, gjeld det eit minstemål på 20 cm (Forskrift fastsett av Fylkesmannen 14. juni 1993).
  • For ål fanga i vassdrag er minstemålet 40 cm (Forskrift D2).

    Forbod mot fiske i og ved laksetrapp

  • Dersom ikkje anna er bestemt i forskrift, er det eit generelt forbod mot å fange fisk i fisketrapp, fiskerenne eller liknande anlegg. Forbodet gjeld også på ei strekning frå 50 m ovanfor til 50 m nedanfor fisketrapp, fiskerenne eller liknande anlegg (Lov om laksefisk og innlandsfisk, § 15).
  • Oppgaveplikt i vassdrag

  • I vassdrag har den som leiger fiskerett eller kjøper fiskekort plikt til å sende fangstoppgåve til fiskeretteigaren. Fiskeretteigaren har på si side plikt til å sende fangstoppgåve til Fylkesmannen innan 1 månad etter at fisket er avslutta (Forskrift A3, §3).
  •  

    3 BARNS RETT TIL GRATIS FISKE ETTER INNLANDSFISK

  • Barn som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for fiske med stang i perioden 1. januar til 20. august
    i vassdrag der det ikkje går anadrom fisk. 
    På same måte har dei rett til gratis fiske med stang utan løyve frå grunneigar i tilfelle det ikkje er fiskekortsal (Lakselova § 18, Forskrift D4).
  •  

    4 FISKE ETTER anadrome laksefisk I SJØ

    Lovlege reiskapar og fisketider i sjø

    Stang:

  • Same reglar som i vassdrag. Det gjeld eit unnatak ved dorging (fiske frå båt med fart), då det kan nyttast inntil tre stenger samstundes pr. båt. Utanom fisketida for dei enkelte vassdraga må fiske i sjøen ikkje skje nærare elveos (grensa mellom elv og sjø) enn 100 m. I tillegg til dei agntypane som er lovleg i vassdrag, kan det i sjøen også nyttast anna organisk agn enn mark, t.d. reke (Forskrift A7, §6).

    Fisketid: fiske frå land er tillate heile året, frå båt er fiske etter sjøaure tillate f.o.m. 1/6 t.o.m. 4/8, medan fiske etter laks frå båt berre er tillate i fisketida for kilenot (sjå avsnitt om kilenot). Stang frå båt kan også nyttast for fangst av rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 1. oktober til og med 28. februar (Forskrift A6, §1).

    Grensa mellom elv og sjø er for nokre få elvar fastett og avmerka i terrenget. Når dette ikkje er tilfelle, må grensa vurderast etter skjønn. Som ein tommelfingerregel kan ein rekne at grensa går der elva sluttar å grave i (påverke) sjøbotn.

  • Handsnøre:

  • Snøre som ein held i handa. Det er tillate med maks tre krokar, berre eitt handsnøre om gongen. Det gjeld eit unntak ved dorging, då det kan nyttast inntil tre handsnøre samstundes pr. båt (Forskrift A7, §6).

    Fisketid: Fiske frå land er tillate heile året. Frå båt er fiske etter sjøaure tillate f.o.m. 1/6 t.o.m. 4/8, og etter laks i fisketida for kilenot (sjå avsnitt om kilenot). Kan også nyttast for fangst av rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 1. oktober til og med 28. februar (Forskrift A6, §1).

  • Laksedorg:

  • Snøre med eitt eller to oppheng, kvart oppheng med ein sluk e.l. Inntil tre laksedorgar kan nyttast pr. båt ved dorging (Forskrift A7, §7). Fisketid: ikkje tillate i Rogaland i 1999 i ordinær fiskesesong. Kan nyttast for fangst av rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 1. oktober til og med 28. februar (Forskrift A6, §2).
  • Oter:

  • Snøre med inntil 8 oppheng, utan søkkje, med ei flue pr. oppheng, utspent ved hjelp av oterfjøl (til fangst av innlandsfisk i ikkje anadrome vassdrag kan det nyttast fleire oppheng og andre slag agn) (Forskrift A7, §8). Fisketid: ikkje tillate i Rogaland i 1999. Kan nyttast for fangst av rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 1. oktober til og med 28. februar (Forskrift A6, §2).
  • Krokgarn :

  • Fisketid: ikkje tillate i ordinær fiskesesong i Rogaland i 1999. Derimot er det tillate å fiske med krokgarn etter rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 15. oktober til og med 28. februar. Dette fisket kan føregå alle dagar (ikkje vekefreding) (Forskrift A6, §4). Minsteavstand til munning av vassdrag med anadrom fisk og til andre bundne reidskapar er 100m (Forskrift A4, §1). Merkeplikt (Forskrift A4, §5-7).
  • Kilenot:

  • Ordinær fisketid: f.o.m. 1/6 t.o.m. 4/8. Kun fra mandag kl. 18 til fredag kl. 18 (Forskrift A6, §3). Minsteavstand til munning av vassdrag med anadrom fisk og til andre bundne reidskapar er 100 m (Forskrift A4, §1). Merkeplikt (Forskrift A4, §5-7).

    Følgjande unntak gjeld:

    Stavanger, Sandnes, Gjesdal, Forsand, Strand, Hjelmeland, Finnøy, Sauda, Vindafjord og Tysvær kommunar: fisketid frå og med 1. juli til og med 4. august (Forskrift A6, §3).

    Suldal kommune: fisketid frå og med 15. juli til og med 4. august, bortsett frå Vindafjorden nord for Stangneset, hvor fisketida er f.o.m. 1. juli t.o.m. 4. august (Forskrift A6, §3).

    Bruk av monofilamenttråd er kun tillate i fangstdelen til krokgarn, gjeld kun multimonotråd (Forskrift A7, §1).

    Fiske med kilenot etter rømt oppdrettsfisk er tillate i perioden frå og med 15. oktober til og med 28. februar. Dette fisket kan føregå alle dagar (ikkje vekefreding) (Forskrift A6, §3).

  •  

    5 FREDINGSSONER

    Det er innført fredingssoner utanfor alle viktige lakse- og sjøaureelvar (Forskrift av 20. september 1996, forskrift C2). Reglar og avgrensing av sonene framgår av det følgjande.

     

    1 Fiskereglar i fredingssonene

    Utanfor Sokndalselva, Figgjoelva og Imsa er det ei indre sone der alt fiske er forbode heile året, sjå §2.

    I tillegg er det i perioden frå og med 15. april til og med 15. oktober særskilte reglar for fiske i sjøen innafor fredingssonene omtala under § 2. Bare slikt fiske som er nemnt i det følgjande er tillate. Når ikkje anna er sagt, må fisket følgje dei generelle reglane for fredingstid.

    A. Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 m:

    Unntatt området i indre sone utanfor Sokndalselva, Figgjo og Imsa, der alt fiske er forbode heile året.

    B. Utanfor ein avstand på 100 m frå grensa mellom elv og sjø (for Sokndalselva, Figgjo og Imsa utanfor indre sone):

    C. Utanfor ein avstand på 400 m frå grensa mellom elv og sjø:

    2 Avgrensing av fredingssonene

    Fredingssonene omfattar følgjande område (kartkoordinatar for M711-serien er oppgitt, saman med årstal for kartutgåva):

    SIRA: Innafor ei line tvers over fjorden der den er på det smalaste ved Løyningshammaren, ca. 2 km frå munninga av Logsbekken.

    32VLK 347850/6463375 - 347900/6463200 (1967)

    SOKNDALSELVA: Innafor ei line frå sør-vestre spissen på fastlandet på austsida av Vammelsundet til fyrlykta på austre pynten på Langholmen, vidare til vestre punktet på Grasholmen, og derifrå omlag beint nordover til eit punkt på fastlandet.

    32VLK 341325/6467225 - 341150/6467250 - 340850/6467800 - 340850/6467850 (1967)

    I ei indre sone, innafor ei line trekt frå søre hjørnet på den gamle kaien på vestsida av elveutløpet, og i rett vinkel til eit fast punkt på landet på austsida, er alt fiske og fangst forbode heile året.

    HELLELANDSELVA: Innafor ei line frå vestre punkt på Lindøy i nord til Vardbergodden i sør.

    32VLK 324425/6482950 - 324325/6482425 (1966)

    BJERKREIMSELVA: Innafor ei line frå eit punkt 200 m vest for Lauvsnesbrua på nordsida av sundet til eit punkt 200 m vest for Lauvsnesbrua på sørsida av sundet.

    32VLK 323825/6484925 - 324100/6484700(1966)

    HELLVIKELVA: Innafor ei line frå vestre punkt på Svartholodden, og tvers over fjorden til næraste punkt på sørsida.

    32VLK 317075/6486500 - 317225/6486300 (1966)

    OGNAELVA: Innafor ei line frå Vardeskjær til ytre punktet på Litle Ognaholmen og vidare til Persodden.

    32VLK 312300/6491900 - 312100/6491325 - 312700/6489325 (1962)

    FUGLESTADELVA: Eit 200 m breidt belte langs land frå eit punkt 1 km nord for elvemunninga til eit punkt 1 km sør for elvemunninga.

    32VLK 308675/6493225 - 310675/6493100 (1962)

    KVASSHEIMSELVA: Eit 200 m breidt belte langs land frå eit punkt ca. 750 m nord for elvemunninga til eit punkt ca. 650 m sør for elvemunninga.

    32VLK 306200/6494950 - 307100/6494025 (1962)

    VARHAUGELVANE: Eit 200 m breidt belte langs land frå 1 km sør for Søre Varhaugelva til eit punkt 1 km nord for nordre Varhaugelva.

    32VLK 302525/6503225 - 303800/6500575 (1962)

    HÅELVA: Eit 200 m breidt belte frå eit punkt på eit nes omlag 850 m nord for Håtangen fyrlykt i nord til Obrestad fyr i sør.

    32VKL 299650/6509475 - 299975/6507275 (1962)

    ORREELVA: Eit 200 m breidt belte langs land frå Skårtangen i nord til Krossatangen i sør.

    32VKL 298225/6515750 - 298525/6514300 (1962)

    FIGGJOELVA: Innafor ei line frå Skarsteinen, som ligg i Sele hamn til Feistein fyr, og vidare til Litle Fuglingen i sør.

    32VLL 300300/6525200 - 32VKL 298350/6526150 - 32VLL 300125/6521750 (1967)

    I ei indre sone, frå 400 m sør til 150 m nord for der kor elva til ei kvar tid munnar ut i sjøen, og ut til ein avstand på 200 m frå land, er alt fiske forbode heile året.

    STORÅNA, Sandnes: Innafor ei line tvers over fjorden 1 km utanfor elvemunninga.

    32VLL 312500/6529375 - 312850/6529375 (1967)

    IMSA: Innafor ei line frå Godfarneset i nord til øvste punktet på Skjeggreiholmen, og vidare til Storekleiv i sør.

    32VLL 325800/6533875 - 326900/6534025 - 326025/6533400 (1967)

    I ei indre sone, innafor ei line fra ytste punktet på Ims kai til eit punkt på sørsida av vågen 1,5 m aust for austre hjørne av gnr. 86 bnr. 34, er alt fiske og fangst forbode heile året.

    HØLEÅNA: Innafor ei line frå ytste punktet på Høleneset til eit punkt 500 m vest for elvemunninga.

    32VLL 327550/6533075 - 326975/6532650 (1967)

    DIRDALSELVA: Innafor ei line frå Mulen til eit eit punkt på vestsida av bukta, omlag 1 km frå elvemunninga.

    32VLL 337725/6526125 - 336700/6525725 (1967)

    FRAFJORDELVA: Innafor ei line tvers over fjorden omlag 1 km utanfor elvemunninga.

    32VLL 340175/6526725 - 340175/6525650 (1967)

    ESPEDALSELVA: Eit 200 m breidt belte langs land frå neset sør for Rossavik nord for elvemunninga, til Grimsnes sør for elvemunninga.

    32VLL 335000/6529000 - 336475/6527400 (1967)

    FORSANDÅNA: Eit 200 m breidt belte langs land frå eit punkt 500 m sør for elvemunninga til eit punkt 500 m nord for elvemunninga.

    32VLL 332975/6532250 - 333300/6531375 (1967)

    EIANEELVA: Innafor ei line frå eit punkt 500 m nord for elvemunninga til eit punkt omlag 500 m vest for elvemunninga.

    32VLL 337575/6539425 - 336825/6538875 (1967)

    LYSEELVA: Innafor ei line tvers over fjorden 1 km utanfor elvemunninga.

    32VLL 364125/6548675 - 364125/6548050 (1965)

    JØRPELANDSELVA: Innafor ei line frå Håhammaren sør for elvemunninga til Jørpelandsholmen, og derfå vidare til Strandvik omlag 300 m vest for munningen av Fiskåna.

    32VLL 329450/6546550 - 330725/6544900 (1974)

    ÅRDALSELVA: Innafor ei line tvers over fjorden frå Liarneset på nordsida til Kjeatoneset på sørsida.

    32VLL 337000/6560250 - 337025/6559100 (1974)

    HJELMELANDSELVA: Innafor ei line frå Mula nord for vågen til Pundsneset sør for vågen.

    32VLL 339000/6571250 - 337800/6569950 (1974)

    VORMO: Innafor ei line frå Vindklov aust for bukta til Vigeneset vest for bukta.

    32VLL 347725/6575125 - 346725/6574550 (1972)

    FØRRE: Innafor ei line tvers over fjorden ein km utanfor elvemunninga.

    32VLL 360175/6578475 - 360275/6578100 (1972)

    ULLA: Eit 200 m breidt belte langs land frå eit punkt på indre Ladberget aust for elvemunninga, til eit punkt på Kjerhammar vest for elvemunninga.

    32VLL 353200/6579125 - 354600/6578900 (1972)

    HÅLANDSELVA: Eit område mellom Erfjord bru og ei line mellom Tennes og Åssjøen.

    32VLL 342950/6580100 - 344025/6579750 (1972) (Tennes - Åssjøen)

    SULDALSLÅGEN: Eit 200 m breidt belte langs land frå Eidsneset i nord til Velabukta i sør.

    32VLL 344275/6598500 - 344550/6595900 (1972)

    SAUDAELVANE: Innafor ei line frå Svandalselva på vestsida av fjorden til Malldalselva på austsida av fjorden.

    32VLM 347350/6612950 - 349375/6611100 (1961)

    VIKEDALSELVA: Innafor ei line frå Uppsalneset på nordsida av bukta til Sunnanåneset på sørsida.

    32VLL 323550/6599550 - 323700/6598025 (1988)

    SANDEIDELVANE: Innafor ei line frå Oterbergsteinen på vestsida av fjorden til eit punkt på austsida av fjorden omlag 850 m sør for munninga av Rødneelva.

    32VLM 321625/6604200 - 323075/6603825 (1976)

    ÅMSELVA: Innafor ei line frå Skjervheim fyrlykt til Eikanesholmen og vidare til Eikanesklubben.

    32VLL 315700/6596875 - 315400/6596200 (1981)

    KVALEELVA: Eit 200 m breidt belte langs land frå eit punkt 500 m nord for elvemunninga til eit punkt 500 m sør for elvemunninga.

    32VKL 286850/6595550 - 286775/6594500 (1981)

    3 Merking

    Grensene for fredingssonene vil bli merka.

     

    6 Utfyllande bestemmelsar om krokgarn og kilenot (Forskrift A7, Forskrift A4)

    Leiegarn til kilenot og krokgarn

    Leiegarnet skal ha ein leiefunksjon, og skal ikkje fange fisk. Leiegarnet til krokgarn skal ikkje vere kortare enn 20m. Det skal ikkje sperre meir enn 1/4 av breidda på fjorden. Kun tråd av spunnen nylon, hamp og bomull er tillate i leiegarn, og det er ikkje tillate å bruke tynnare tråd enn 1,1 mm (norsk nr. 8). Minste tillatte maskestorleik er 58 mm (10,5 omfar). Innerste forankring av leiegarnet kan vere fri frå land, men garnet skal likevel setjast i nær tilknytning til land, skjær eller båe.

    Kilenot

    Flytande, bunden reidskap samansett av eit leiegarn og ein fangstdel. Fangstdelen har sidevegger og botn med ein eller fleire kilar. Fangstdelen vert halden open med ei eller fleire stenger og iler med blåser. I fangstdelen til kilenot er det forbode å bruke tynnare tråd enn 0,95 mm (norsk nr. 7). Monofiltråd er forbode. I leiegarnet er det forbode å bruke tynnare tråd enn 1,1 mm (norsk nr. 8), same som i leiegarn for krokgarn.

    Krokgarn

    Samansett av leiegarn og eit fangstgarn. Skal vere forankra i fast stilling. Fangstdelen består av ein eller to spisse vinklar.

    Samla lengde på fangstgarnet skal ikkje vere meir enn 40m, 80m for doble krokgarn. Fangstdelen av krokgarnet kan ha botn. Denne skal vere av same type som leiegarnet eller fangstgarnet. I fangstdelen til krokgarn kan det brukast multimono, monotwin og spunnen nylon tråd. Det er forbode å bruke tynnare tråd enn 0,7 mm (norsk nr. 4). I leiegarnet er det forbode å bruke monofiltråd, og det er ikkje lov å bruke tynnare tråd enn 1,1 mm (norsk nr. 8), same som i leiegarn for kilenot.

    Maskestorleik for kilenot og krokgarn

    Minste tillatte maskevidde, inkludert leiegarn, er 58 mm (10,5 omfar), målt frå knutes til knutes midtpunkt i våt tilstand.

    Stengingsreglar

    Det gjeld særskilte reglar for korleis kilenøter skal stengast i vekefredinga (Forskrift A4, §§8-13). For krokgarn skal sjølve fangstgarnet tas på land i vekefredinga (Forskrift A4, §8).

    Reglar for minsteavstand mellom fiskereiskapar

    A. Det skal vere ein minsteavstand på 100 m (rekna frå einkvar del av fiskereidskapen) til næraste krokgarn eller kilenot (Forskrift A4).

    B. Avstand mellom reidskapar på naboeigedommar

    fangstsida av reidskapen (rekna frå landgarnet) skal det vere ein minsteavstand på 200 m til nokon del av andre krokgarn eller kilenøter. Denne avstanden kan reduserast til 100 m dersom eigaren gir sitt samtykke til dette, jfr. pkt A (Lov om laksefisk mm § 39).

    C. Avstand til anna fiske

    Det er også reglar for minsteavstand frå krokgarn og kilenot til andre fiskereidskapar og til fiske etter andre fiskeslag enn laks og sjøaure. Desse går i hovudsak ut på at alt fiske må føregå i ein minsteavstand på 200 m på fangstsida av krokgarnet/kilenota, og 50 m forøvrig. Desse minsteavstandane gjeld ikkje for ålefiske, kasting med not etter sild, brisling, lodde, makrell, torsk og sei, eller for fiske på fiskarens eigen grunn. For fiske med stang og handsnøre gjeld ein minsteavstand på 50 m (Lov om laksefisk mm. §39).

    D. Avstand til land

    I fjord eller sund er det ikkje tillate å setje kilenot eller krokgarn lenger ut frå land enn ein fjerdedel av breidda på fjorden eller sundet ved vanleg fjøre sjø midtsommars (Forskrift A4).

    E. Tid for plassering av fortøyningar o.l.

    Fortøyningar, blåser o.l. for kilenot og krokgarn kan tidlegast setjast ut 2 veker før fiskesesongen tek til, og skal vere tatt opp av sjøen seinast 2 veker etter at sesongen er over (Forskrift A4).

    Tilbake til toppen

    7 REGISTRERING OG OPPGAVEPLIKT FOR KROKGARN OG KILENOTFISKE

    Alle som skal fiske med kilenot, sitjenot eller krokgarn må kvart år registrere seg hjå fylkesmannen. Frå og med 1996 er fristen for registrering 1. mai. Ved registreringa skal det opplysast om namn og adresse, antal reidskap og type reidskap, og staden fisket skal skje. Oppgåve over fangst på kilenot/krokgarn skal kvart år sendast til Statistisk sentralbyrå seinast 1. september. Registrering som nemnt ovanfor kan nektast dersom det ikkje er sendt inn fangstoppgåve for føregåande år (Forskrift A3, §1-3).

    Tilbake til toppen

    8 REGLAR FOR REIDSKAPAR SOM IKKJE SKAL FANGE LAKS ELLER SJØAURE

    Nedsenking av setjegarn

  • I tida frå og med 1. mai til og med 30. september gjeld nedsenkingspåbod for setjegarn, jfr. § 41 i Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. med tilhøyrande forskrifter. I denne perioden skal alle garn innafor ein avstand på 40 m frå land, øy, holme eller skjær, målt ved fjøre sjø, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 m under havoverflata til ei kvar tid. Utanfor 40 m gjeld dette påbodet berre for garn med maskevidde på 18 omfar (35 mm) eller større (Forskrift A12 og Forskrift C2).

    Påbodet gjeld ikkje for reidskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet, frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fartøy, jfr. lov om registrering og merking av fiskefartøy av 5. desember 1917 nr. 1.

    Innafor fredingssoner gjeld det særskilte reglar for garnfiske, sjå under fredingssoner side 9-12.

  • "Aktsomhetsparagrafen"

  • Det er ikkje tillate å fange laks eller sjøaure på setjegarn, eller andre reidskapar som ikkje er definerte under kapitlet "Lovlege reidskapar og fisketider". Garn som vert nytta til saltvassfiske må ikkje setjast på ein slik måte at ein må pårekne å fange laks eller sjøaure. Denne regelen gjeld heile året og utan omsyn til maskevidde (Lov om laksefisk og innlandsfisk § 49).
  • Merking

  • Alle setjegarn, teiner, ruser o.l. som står til fangst i sjøen skal vere merka på minst eitt av vaka. Dersom slike ikkje finst, skal sjølve reidskapen vere merka. Yrkesfiskarar nyttar tildelt nummer/båtnummer. Fritidsfiskarar merkjer med namn og adresse (Saltvassfiskelova).
  • Utsetjingsplikt

  • Anadrome laksefisk som er fanga med reidskap som er ulovleg til fangst av slik fisk, eller utanfor lovleg fisketid for denne, skal straks setjast ut att. Dette gjeld enten fisket har skjedd i vassdrag eller sjø, og enten fisken er daud eller levande (Lov om laksefisk og innlandsfisk § 47).