Godt laksefiske i 2001

Det er rapportert inn fangstar på totalt 20 731 kg laks og 8462 kg sjøaure frå elvefisket i år.  Laksefangsten er om lag som i fjor, då det vart ein opptur etter dei historiske botnsesongane 1996-99.  Fangsten av mellomlaks viste ytterlegare framgang, medan fangsten av smålaks var dårlegare enn i fjor.  Det vart fanga få storlaks også i år, og faktisk vesentleg færre enn i den dårlege laksesesongen 1996.  Med innrapporterte fangstar frå sjølaksefisket på 31 945 kg laks vart den samla laksefangsten på 52 676 kg i år, som er det høgaste sidan 1995.  Nausta er med ein laksefangst på 5 279  kg også i år den beste elva.  Den samla sjøaurefangsten ligg på nivå med fangstane dei siste fem åra, men lågare enn dei beste åra på 1990-talet då det vart innrapportert over 10 tonn. 

Den generelle trenden om godt lakseinnsig gjeld heile landet.  Fleire vassdrag i fylket må tilbake til 1980-talet for å vise til tilsvarande fangstar som i år.  Det må likevel understrekast at det ikkje har vore grunnlag for laksefiske i mange kjende elvar som Strynselva, Oldenelva, Nærøydalselva, Flåmselva og Jølstra.  Det er dokumentert skadar og sannsynleg stor daude av laksesmolt spesielt i Sogn dei siste vårane, og truleg er belastninga størst for elvane inst i fjordsystema.  Smoltårsklassen som vandra ut frå elvane i Nordfjord i fjor vart lite råka av lakselus, og dette kan forklare det gode innsiget av smålaks i regionen.  Innsiget av og fisket etter smålaks i Sogn var ikkje tilsvarande godt, og denne årsklassen vart hardt råka av lakselus under utvandringa i fjor. 

Forskarane hevdar at gode oppvekstvilkår i havet er den viktigaste forklaringa på det generelt gode lakseinnsiget.  Oppgangen i elvefisket i Sogn og Fjordane må også sjåast i samband med at fisketrykket i sjøen er monaleg redusert ved at kilenotsesongen først starta 10. juli.  Trass den korte sesongen har altså sjølaksefiskarene hatt gode fangstar. 

Gytefiskregistreringar i elvane stadfestar at gytebestandane i år er større samanlikna med siste halvdel av 1990-talet.  For første gong på lang tid er det i år tilstrekkeleg med gytelaks i Aurlandselva.  Frå Strynselva er det meld om god oppgang av smålaks, men den kjende storlakselva ser framleis ut til å ha lite storlaks trass i fredinga i elvefisket og sterkt utsett kilenotsesong i sjøen.  Det er gjennomført ei omfattande overvaking av rømd oppdrettsfisk i elvefisket og i overvakingsstasjonar i sjøen.  Gode gytebestandar er viktig for å redusere påverknaden frå rømd oppdrettsfisk. 

Sjøaurefangsten i Aurlandselva vart halvert i høve til den gode fjorårssesongen, og Strynselva kan i år vise til den største sjøaurefangsten i fylket med 921 kg. 

Opplysningane er baserte på innrapporterte fangstar frå dei 33 vassdraga som i år er med i den offentlege statistikken.

Fangst av laks og sjøaure i vassdrag i Sogn og Fjordane i 2001

             
                       
   

Laks 0 - 3 kg.

 

Laks 3 - 7 kg.

 

Laks over 7 kg.

 

Laks totalt

 

Aure

 

Kommune:

Elv:

Tal fisk

Vekt

Tal fisk

Vekt

Tal fisk

Vekt

Tal fisk

Vekt

Tal fisk

Vekt

Askvoll

Rivedalselva

7

12

7

28

0

0

14

40

138

69

Aurland

Aurlandselva

0

0

0

0

0

0

0

0

389

711

 

Flåmselva

0

0

0

0

0

0

0

0

130

400

 

Nærøydalselva

0

0

0

0

0

0

0

0

177

267

Balestrand

Vetlefjordselva

0

0

1

6

0

0

1

6

61

107

Bremanger

Indrehuselva

16

30

9

37

0

0

25

66

189

179

Eid

Eidselva

524

1 016

236

1 155

71

591

831

2 761

571

828

 

Hjalma

33

56

13

61

2

15

48

132

0

0

Fjaler

Dalselva - Dale

176

271

19

72

0

0

195

344

69

45

 

Flekkeelva

73

133

65

319

20

165

158

617

32

28

Flora

Norddalselva

43

92

46

212

3

34

92

338

36

45

 

Osenelva

109

222

117

557

25

194

251

974

164

162

Førde

Jølstra

0

0

0

0

0

0

0

0

275

399

Gaular

Gaula

403

712

362

1 742

20

152

785

2 606

90

107

Gloppen

Gloppenelva

153

307

96

465

26

219

275

991

104

233

 

Hopselva i Hyen

88

183

10

50

6

50

104

282

73

134

 

Ryggelva

75

136

27

138

3

25

105

299

28

35

 

Åelva/Ommedalselva

195

426

148

894

62

636

405

1 955

98

211

Høyanger

Daleelva - Høyanger

41

81

37

180

13

109

91

369

0

0

Luster

Fortunselva

0

0

0

0

0

0

0

0

163

390

 

Jostedalselva

0

0

1

6

0

0

1

6

278

447

 

Mørkridselva

0

0

0

0

0

0

0

0

183

374

Lærdal

Lærdalselva

4

9

101

572

8

65

113

646

123

299

Naustdal

Nausta

1 121

1 918

737

3 214

19

147

1 877

5 279

259

306

Selje

Ervikelva

150

350

75

380

10

85

235

815

150

100

Sogndal

Sogndalselva

74

120

59

357

20

160

153

637

43

88

 

Storelva - Fjærland

0

0

4

20

3

22

7

42

107

94

 

Årøyelva

5

10

41

211

28

245

74

466

1

1

Stryn

Loelva

0

0

0

0

0

0

0

0

188

306

 

Oldenelva

0

0

0

0

0

0

0

0

145

196

 

Strynselva

0

0

0

0

0

0

0

0

614

921

Vik

Vikja

129

260

115

544

32

256

276

1 060

44

101

Årdal

Årdalselva

0

0

0

0

0

0

0

0

521

878

Sum:

 

3 419

6 344

2 326

11 220

371

3 170

6 116

20 731

5 443

8 461

 

Fangst av laks og sjøaure i vassdrag i Sogn og Fjordane 1999 - 2001

     
                 
   

Laks (vekt)

   

Aure (vekt)

 

Kommune

Elv

1999

2000

2001

 

1999

2000

2001

                 

Askvoll

Rivedalselva

0

5

40

 

0

43

69

                 

Aurland

Aurlandselva

0

0

0

 

903

1 423

711

Aurland

Flåmselva

0

0

0

 

462

301

400

Aurland

Nærøydalselva

0

0

0

 

0

0

267

                 

Balestrand

Vetlefjordelva

0

0

6

 

0

0

107

                 

Bremanger

Indrehuselva

74

124

66

 

105

66

179

                 

Eid

Eidselva

685

2 194

2 761

 

785

1 058

828

Eid

Hjalma

59

77

132

 

1

0

0

                 

Fjaler

Dalselva - Dale

79

366

344

 

1

56

45

Fjaler

Flekkeelva

545

667

617

 

48

26

28

                 

Flora

Norddalselva

95

116

338

 

47

26

45

Flora

Osenelva

396

744

974

 

203

167

162

                 

Førde

Jølstra

0

0

0

 

811

540

399

                 

Gaular

Gaula

1 346

2 723

2 606

 

71

52

107

                 

Gloppen

Gloppenelva

436

1 036

991

 

513

357

233

Gloppen

Hopselva i Hyen

236

322

282

 

108

123

134

Gloppen

Ryggelva

7

113

299

 

27

50

35

Gloppen

Åelva/Ommedalselva

554

1 290

1 955

 

152

169

211

                 

Høyanger

Daleelva - Høyanger

509

822

369

 

0

0

0

                 

Luster

Fortunselva

0

0

0

 

283

340

390

Luster

Jostedalselva

0

0

6

 

450

432

447

Luster

Mørkridselva

0

0

0

 

291

450

374

                 

Lærdal

Lærdalselva

0

0

646

 

0

0

299

                 

Naustdal

Nausta

3 737

7 290

5 279

 

633

700

306

                 

Selje

Ervikelva

150

508

815

 

100

100

100

                 

Sogndal

Sogndalselva

252

485

637

 

62

103

88

Sogndal

Storelva - Fjærland

6

66

42

 

168

127

94

Sogndal

Årøyelva

190

500

466

 

35

26

1

                 

Stryn

Loelva

74

0

0

 

217

265

306

Stryn

Oldenelva

87

0

0

 

342

139

196

Stryn

Strynselva

182

0

0

 

1 007

1 140

921

                 

Vik

Vikja

837

1 143

1 060

 

37

73

101

                 

Årdal

Årdalselva

0

0

0

 

682

759

878

                 

Sum:

 

10 536

20 590

20 731

 

8 544

9 112

8 462

                 
                 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - Miljøvernavdelinga