Direktoratet for naturforvaltning

Tungasletta 2

7485 TRONDHEIM

 

Vår ref.: Dykkar ref.: Dato:

22/01-JON 2001/4333- NATB/IN/MK 18.09.01

Saksbehandlar: Jan Olav Nybo, tlf.: 22 82 28 83, e-post: jan.olav.nybo@turistforeningen.no

 

Forslag til vassdragsobjekt i ny verneplanvurdering

INNLEIING OG BAKGRUNN

SRN viser til høringsbrev frå DN 21.06. til diverse høringspartar i samband med ein ny og avsluttande verneplanrunde, i praksis Verneplan V, men med knappare tidsfristar og kostnadsrammer enn ved dei to foregåande verneplanane.

SRN er glad for styresmaktenes initiativ til ein avsluttande verneplan for vassdrag, som også Stortinget slutta seg til nå i juni. Det skuldast dels at Verneplan IV etter vårt syn ikkje var ei god avslutning på verneplanarbeidet. Fleire vassdrag det reelt sett var fleirtal for å verne, vart stemt ned i Stortinget pga. kopling til andre, heilt irrelevante saker. I tillegg meiner vi det er eit stort behov for ein Verneplan V, fordi mange, og til dels store, vassdrag så avgjort fortener ein plass i verneplanen.

AKTUELLE TEMA Å TA OPP

Forutan forslag om vern av nye vassdrag, ser SRN eit stort behov for å sjå på vern mot andre inngrep enn kraftutbygging. I alle dei fire tidligare verneplanane har dette blitt pekt på, men ikkje gjort noe konkret med. I denne verneplanen har vi ein gyllen sjanse, og det er mulig å kople dette til planlovutalets arbeid med forbetring av RPR. Vi meiner også vi bør drøfte om definisjonane av opprusting/utviding av eksisterande kraftverk er gode og klare nok. Vi ser óg klart behov for å drøfte bygging av mikro- og minikraftverk i verna vassdrag. Det er eit stort og aukande press for å få gjennomført slike utbyggingar, også i verna vassdrag, og dette kan på sikt undergrave og pulverisere dei verdiane som låg til grunn for vernet. Her trengst det utan tvil klarare retningslinjer.

Vi vil også peke på at for mange verneobjekt er det vald grenser som ikkje korresponderer med nedbørfelt, spesielt for objekt verna i Verneplan I og II, som i mange tilfelle hadde karakter av områdevern. I den grad det er mulig, bør dette justerast slik at ein får med vassdrag eller delnedbørfelt. I noen tilfelle er det også gitt unntak frå vernet, som i ettertid både verker underlige og har skapt praktiske problem. Det gjeld mindre sidevassdrag som er unntatt frå vernet, og det kan gjelde bestemte formuleringar (som bl.a. for Enningdalselva i Østfold, Hattebergvassdraget i Hordaland og Gjervalelva i Nordland; alle gitt vern i Vp. IV). Slike avgrensingar av vernet bør vi få bort dersom det er mulig.

OM SRNs FORSLAG

For å kunne sende over til DN eit så godt grunngitt forslag som mulig, har vi bedt om bidrag frå våre regionale og lokale ledd. Men pga. kort tidsfrist, sommarferie og relativt små ressursar, er våre forslag av ujamn kvalitet, slik at arbeidsgruppa og den rådgivande gruppa må arbeide vidare med å kvalitetssikre enkelte av forslaga.

Vi har vald å gruppere dataene slik: Namn, vassdragsnummer (viss mulig), areal, kommune(r), status, verneverdi (DNs fem kriterium sortert i A-E, spesielt for heilt nye forslag) og dokumentasjon. Vi har prøvd å ta utgangspunkt i føringane i DNs høringsbrev, og det er derfor lagt vesentlig vekt på urørt natur og laks, men også på verdi for friluftsliv, landskapsbilde og andre biologiske kvalitetar enn laks. Vi har funne det vanskelig å gi ei grundig verdivurdering av dei fem fagtema DN skisserer, men for mange av dei vassdragsobjekta som er foreslått, finst det meir kunnskap regionalt/lokalt enn det har vore mulig å framskaffe nå. Dette vil vi jobbe kontinuerlig med vidare framover. Vi håper derfor at det utover hausten er rom for å supplere det materialet vi nå leverer. Våre forslag er presentert fylkesvis og stort sett sortert etter stigande vassdragsnummer.

For enkelte vassdrag var det ikkje mulig å finne vassdragsnummer fordi det ikkje er gitt i REGINE. Her må ei vidare oppdeling gjerast av NVE. I slike tilfelle har vi vald å oppgi nummeret på kystavsnittet eller ein større innsjø. Vi vil også presisere at det må gjerast ein jobb med å sjekke inngrepsstatus i mange av dei vassdraga vi foreslår. Mye av det materialet vi har tilgang på, er relativt gammalt, og endringar kan ha skjedd. Like viktig er det å sjekke INON-status, men dette heng jo i praksis saman.

FORSLAG TIL VASSDRAG FOR VURDERING

ØSTFOLD

Østfold er brukbart representert i tidligare verneplanar, og det er i dag ikkje lett å finne noenlunde urørte vassdrag i fylket. Vi foreslår derfor ingen nye vassdrag herfrå.

OSLO

Alle relevante vassdrag, dvs. med utløp i fjorden, er verna gjennom verneplan I. Vi har derfor ingen nye forslag for dette fylket.

AKERSHUS

Også mange av vassdraga i Akershus er tidligare verna, men i verneplanen er det underdekning av produktive låglandsvassdrag, så denne kategorien vassdrag bør det leggast stor vekt på å få med. Vi har eit godt grunngitt forslag på Øvre Romerike.

Risa m/Hersjøen (002.DAA2Z)

79,82 km2, i Eidsvoll og Ullensaker, ingen utbyggingsplanar

Verneverdi:

  1. Drenerer delar av grunnvassbassenget aust for Gardermoen
  2. Hersjøen er ei stor dødisgrop

    Få inngrep i ravinedalane langs elva

  3. Store delar av elvedalen våtmark/fuktmark, med svært rikt dyreliv (fugl/pattedyr)
  4. Ein av dei få naturlige aurebestandane i Akershus (svært lite utsetting)

    Grunnvassdominans gir svært gode vekstvilkår i elva heile året; sannsynlig at aure og harr er lokalt tilpassa dette.

    Artsrik elv med aure, harr, steinsmett, laue, abbor, gjedde, lake og mort

  5. Elvedalen gir folk muligheit til å oppleve naturen utan å reise med bil først
  6. Elva blir kryssa fleire gongar av sannsynlig hovudfartsåre mellom Oslo og indre Østlandet. Ei av bruene er nå restaurert.
  7. Norges første jernbanestrekning gikk langs vassdraget; fleire bruer krysser elva
  8. Elvedalen er frodig, og bryt opp det relativt ensarta, typiske landskapsbildet på øvre Romerike.

Dokumentasjon: Forundersøkingar Gardermoen, NINA-rapport ferskvasslok. i Akershus, NJFF i Akershus

HEDMARK

Fylket er relativt godt dekka på tidligare verneplanar, men vi tar opp att to forslag frå Verneplan III.

Imsa (002.KZ)

501,97 km2, Stor-Elvdal, Ringebu og Øyer, status ukjent

Verneverdi: Størst for kulturminne og biologisk mangfald

Dokumentasjon: Grundige undersøkingar gjennom Vp. III

Trya (002.L2Z)

79,23 km2, Øyer kommune, status ukjent

Verneverdi: Størst for kulturminne og biologisk mangfald

Dokumentasjon: Grundige undersøkingar gjennom Vp. III

Oppland

For Opplands del legg vi vekt på konsesjonsbehandlinga av Øvre Otta og dei vassdraga som der vart unntatt frå utbygging, samt Jora, som eigentlig var klar for vern i ’93.

Jora (002.DJZ)

495,38 km2, Lesja, Dovre, Sunndal og Oppdal, Samla plan-kat. II.

Verneverdi: Nedbørfeltet er utan større tekniske inngrep, dvs. stor referanseverdi. Svært stor verneverdi for botanikk, land- og vassfauna, kulturminne og friluftsliv, og stor verdi for geofag. Eit opplagt verneobjekt, som det reelt sett var fleirtal for å verne i Stortinget i 1993.

Dokumentasjon: Grundige undersøkingar både i Samla plan og Vp. IV.

Tora (002.DHGZ)

261,83 km2, Skjåk, Lesja og Rauma, utbyggingssøknad avslått.

Verneverdi: Trass i at 2,5% av nedbørfeltet er overført til Tafjord er nedbørfeltet for øvrig utan tekniske inngrep, og har derfor referanseverdi. Har vidare svært stor verdi for vassfauna og friluftsliv, og stor verdi for botanikk, landfauna og kulturminne. Mye av nedbørfeltet er også aktuelt i Reinheimen nasjonalpark.

Dokumentasjon: Grundige undersøkingar i Vp. IV, delvis også i SP og kons.søknad.

Mosagrovi (002.DH???)

8,2 km2 i Skjåk kommune. Ubyggingssøknad avslått av Stortinget.

Verneverdi: Riksveg krysser nedre del, også overnattingsbedrift i området. For øvrig få tekniske inngrep. Nedbørfeltet er ein del av villreinens leveområde.

Dokumentasjon: Inngår i SP-prosjekt og konsesjonssøknad Øvre Otta, men verdiane i nedbørfeltet er for dårlig undersøkt.

Måråi (002.DHJZ)

78,75 km2 i Skjåk kommune. Utbyggingssøknad avslått av Stortinget.

Verneverdi: Fylkesveg går langs nedre del av elva. Delvis brepåverka vatn. Heillstuguvatn har ein interessant ferskvassfauna. Tursti langs elva, som også er viktig for sportsfiske. Nedbørfeltet inngår i leveområdet for villrein.

Dokumentasjon: Inngår i SP-prosjekt og konsesjonssøknad Øvre Otta, men verdiane i nedbørfeltet er for dårlig undersøkt.

Åfotgrovi (002.DH???)

4,6 km2 i Skjåk kommune. Utbyggingssøknad avslått av Stortinget.

Verneverdi: Delvis brepåverka vatn, nedbørfeltet inngår i leveområdet for villrein. Omtrent ikkje tekniske inngrep i nedbørfeltet. Tursti krysser vassdraget på tvers.

Dokumentasjon: Inngår i SP-prosjekt og konsesjonssøknad Øvre Otta, men verdiane i nedbørfeltet er for dårlig undersøkt.

Glitra (002.DHG2Z)

60,26 km2 i Skjåk kommune. Utbyggingssøknad avslått av Stortinget.

Verneverdi: Gode fiskebestandar og viktig for fiske. Botnsetrene representerer eit verdifullt kulturmiljø. Nedbørfeltet inngår i leveområdet for villrein, og er omtrent utan inngrep. Tursti langs Glitra samt sti som krysser nedbørfeltet.

Dokumentasjon: Inngår i SP-prosjekt og konsesjonssøknad Øvre Otta, men verdiane i nedbørfeltet er for dårlig undersøkt.

Blankåi (002.DH???)

3,3 km2 i Skjåk kommune. Utbyggingssøknad avslått av Stortinget.

Verneverdi: Viktig for fiske, verneverdig barskoglokalitet i nedbørfeltet. Utan tekniske inngrep. Nedbørfeltet inngår i leveområdet for villrein.

Dokumentasjon: Inngår i SP-prosjekt og konsesjonssøknad Øvre Otta, men verdiane i nedbørfeltet er for dårlig undersøkt.

Vismunda (002.DD4Z)

202,97 km2, Gjøvik, Nordre Land og Lillehammer

Verneverdi: Vassdraget representerer lågareliggande skogsområde på indre østland. Vismunda er den mest urørte tilløpselva til Mjøsa, er godt eigna som typevassdrag og har referanseverdi. Objektet har stor verneverdi for alle fagfelt. Viktig gyte- og yngelområde for mjøsaure.

Dokumentasjon: Verneplan IV

Vinda (012.LBZ)

291,57km2, Øystre Slidre kommune, kraftprosjekt

Verneverdi: Vinda er eit verneverdig typevassdrag. Det er få verna vassdrag i nærleiken. Objektet har svært stor verneverdi for alle fagfelt unntatt botanikk, som har stor verneverdi. Svært artsrik fauna av våtmarksfugl. Nedbørfeltet er godt eigna til friluftsliv og mosjon, og har stor bruksverdi fordi det ligg nær Beitostølen.

Dokumentasjon: Verneplan IV

BUSKERUD

Vassdraga i fylket er i stor grad prega av omfattande kraftutbyggingar. Vi foreslår derfor berre enkelte objekt frå Vp. IV som vart prioritert ned av omsyn til kraftutbygging.

Nedalselva (012.BC2Z)

64,03 km2,Sigdal og Rollag, kat. I og II i SP

Verneverdi: Heile nedbørfeltet ligg under skoggrensa, og austlandske låglandsvassdrag er klart underrepresentert i verneplanen (jfr. NOU 1991: 12A, s. 59). For øvrig har feltet innslag av rik vegetasjon (høgstaudar). Nedalselva har svært stor verdi for kulturminne, og stor verdi for land- og vassfauna og friluftsliv.

Dokumentasjon: Objektet er relativt grundig undersøkt gjennom Vp. IV.

Sævreelvi (012.CC6Z)

Status: Kat. II i SP

Verneverdi: Landskapsmessig særpreg, store delar av nedbørfeltet urørt. Svært stor verdi for friluftsliv, del av samanhengande utfartsområde frå Norefjell til Rukkedal. Også stor verdi for landfauna, bl.a. våtmarksfugl.

Dokumentasjon: Objektet er undersøkt i Vp. IV.

Nørdsteå (015.G8Z)

56,17 km2, Tinn, Rollag og Nore og Uvdal

Verneverdi: Vassdraget har delvis villmarkspreg, elva går i juv enkelte strekningar, og objektet har naturfaglig typeverdi. Både for friluftsliv og kulturminne har nedbørfeltet svært stor verdi, og botanisk har det stor verdi; i høgare delar finst område med urskog.

Dokumentasjon: Objektet er relativt godt undersøkt i Vp. IV.

VESTFOLD

Her er det ikkje mange aktuelle verneplanobjekt, men eit peker seg klart ut.

Dalelva (015.BZ)

93,01 km2, i Lardal, Siljan og Kongsberg, utbyggar har lagt bort utbyggingsplanane

Verneverdi: Eit utprega låglandsvassdrag med Vestfolds høgaste foss. Typeverdi. Lardal kommune er veldig engasjert i å ta vare på vassdragsverdiane. Eiga vernegruppe for vassdraget. Dalelva vart av Sperstadutvalet tilrådd varig vern.

  1. Store kvartærgeologiske verdiar, bl.a. ei stor breelvavsetning ved Dalelvas munning og velutvikla gjel i elvas nedre del.
  2. Nedbørfeltet har stor verdi som produksjonsområde for vilt, abbor og dels aure
  3. Nær større folkekonsentrasjonar, mye brukt til friluftsliv; fiske, turgåing, bærplukking og skiturar.
  4. Mange kulturminne knytt til vatn, bl.a. frå tømmerfløting.
  5. Vestfolds høgste foss (12m) gir stor opplevingsverdi.

Dokumentasjon: Verneplan II+III, konsesjonssøknad.

TELEMARK

I Telemark er 90% av vasskraftressursane er bygd ut, og mindre enn 5% verna. Det er derfor viktig å ta vare på dei siste restane av urørt vassdragsnatur, noe lista reflekterer.

Hovundåi (Poddevatn/Bugjen) (016.BDDZ)

32,68 km2, Tokke og Bykle, utbyggar har lagt bort planane om utbygging

Verneverdi: Einaste urørte vassdrag i denne delen av Telemark, indre delar har villmarkspreg.

  1. Dette fagfeltet har vi ikkje noe informasjon om.
  2. Godt fiske i dei fleste vatna i vassdraget. Etter år med sur nedbør har det tatt seg svært godt opp dei siste åra. Nedbørfeltet er ein del av leveområdet (beite) til villreinstamma i Setesdal Austhei, og fleire trekkvegar krysser vassdraget.
  3. Området er mye brukt til friluftsliv, og vassdraget representerer ein flott atkomst til det ordinære rutenettet, og ein passe dagsetappe inn til Tjørnbrotbu. Vinterstid er det nettopp elva som er hovudinnfartsåre til området.
  4. Turen langs vassdraget er ein gammal ferdselsveg austover til Setesdalen. Har rike kulturminne, bl.a. steinalderbuplass.
  5. Landskapet er variert, med toppar opp mot 1500m lengst inn. Nedstrøms Poddevatn bind elva saman mange fine vatn før den kaster seg bratt ned i Botnedalen.

Dokumentasjon: Gammal konsesjonssøknad, dvs. utilstrekkelig materiale.

Våeråi (016.H31Z)

36,6 km2, Tinn kommune, planar om vern (etter naturvernloven) i området

Verneverdi: Uregulert sideelv til den sterkt regulerte Måna.

  1. Har ingen informasjon om dette fagfeltet.
  2. Artsrike fjell- og skoglier, der mangfaldet er avhengig av intakt vassdragsmiljø.
  3. Stor opplevingsverdi i tradisjonsrikt turistområde nedanfor Krokan turisthytte.
  4. Sparsomt med informasjon om kulturminne.
  5. Spennande landskap med store estetiske og opplevingsmessige verdiar, bl.a. med eit høgt og iaugefallande fossejuv.

Dokumentasjon: Usikker

Raua (016.G1Z)

147,66 km2, Tinn, Notodden, Flesberg, Rollag, SP-kat. II

Verneverdi: Nedbørfeltet er variert, frå steile fjellsider ned frå Blefjellmassivet, via rolige parti med mange mindre vatn til eit djupt gjel ved utløpet i Tinnsjå. Raua er representativ (typeverdi) for skogsområda mel. Telemark og Buskerud, og er eit godt supplement til det verna vassdraget Skjerva i nordvest. For dei fleste fagfelt, dvs. botanikk, vassfauna, kulturminne og friluftsliv, er verneverdien stor.

Dokumentasjon: Verneplan IV

Grunnåi (016.CC3Z)

91,11 km2, Seljord kommune, er til Samla plan-vurdering

Verneverdi: Nedbørfeltet er urørt av tekniske inngrep.

  1. Langs Grunnåi og Kvernhusåi er det verneverdige tilpassingsgjel og isdirigert drenering.
  2. Delvis gammal naturskog med sjeldne artar som svartsonekjuke og huldrestry. I Grisejuvet er det rik, varmekrevjande flora. I nedbørfeltet er det registrert 68 fugleartar og 14 pattedyrartar forutan at det drivast jakt på elg, hare og rådyr. Ved kultivering og kalking er det bygd opp ny aurestamme.
  3. Som eit urørt område utan særlig tilrettelegging har Grunnåi stort potensial for villmarksbasert bruk. Karakteristiske landskapselement gir stor opplevingsverdi.
  4. Det er stort mangfald av kulturminne i nedbørfeltet, særlig vasstilknytta anlegg.
  5. Landskapet er variert og spennande, med juv, stryk og fossar og med innslag av gammal skog.

Dokumentasjon: Samla plan-rapport, konsesjonssøknad (?)

Digeråi (016.G4Z)

64,58 km2, Notodden, Tinn og Hjartdal, SP-kat. II

Verneverdi: Variert nedbørfelt, med veksling mellom flate myrparti og fjell som ruver 2-300 m opp. Før utløp i Tinnsjå går elva i eit djupt gjel med eit fall på 500m over 1,5 km. Nedbørfeltet er typisk for vassdrag vest for Tinnsjå, og er i praksis utan tekniske inngrep. Det er derfor eit godt eigna type- og referansevassdrag. For landfauna og friluftsliv er verneverdien svært stor, for botanikk og vassfauna er den stor.

Dokumentasjon: Verneplan III og IV, eldre SP-prosjekt.

Nakksjøelva (Sætreelva) (017.DAZ)

96.15 km2, Drangedal kommune, utløp i Nosvatnet/Tveitvatnet, status ukjent

Verneverdi: Idyllisk skogsvassdrag, representativt for fløytingselver i Telemark.

Dokumentasjon: Usikker

AUST- OG VEST-AGDER

I Agderfylka er det også vanskelig å finne gode verneplankandidatar. Mye er bygd ut, og det er derfor viktig å ta vare på det som framleis er uregulert.

Songevassdraget (019.121Z)

6,39 km2, Arendal og Moland

Verneverdi: Relativt urørt småvassdrag , og eit svært viktig nærrekreasjonsområde for Arendal. Ligg i gangavstand for 10.00 menneske. Vassdraget har i tillegg ein fylkets viktigaste gyte- og oppvekstbekkar for sjøaure.

Dokumentasjon: Verneplan IV, kat. II i SP

Tovdalsvassdraget (020.Z)

1855,69 km2, Birkenes, Froland, Bygland, Åmli, Valle, Fyresdal, Lillesand, Grimstad, Iveland, Evje&Hornnes, Kristiansand, SP-kat. I

Verneverdi: Vassdraget er verna frå Rjukanfossen og oppstrøms. Einaste større vassdrag på Sørlandet som er tilnærma intakt. Stor type- og referanseverdi. Detaljert presentasjon er unødvendig; vassdraget har svært stor verneverdi for alle fagfelt.

Dokumentasjon: Verneplan IV og ulike SP-prosjekt

Høyeåna (022.AZ)

97,57 km2, Marnardal, Songedalen, Vennesla og Søgne, kat. II i SP

Verneverdi: Typevassdrag, representativt sidevassdrag til den sterkt utbygde Mandalselva. Eit av få vassdrag på Sørlandet med gode sjølvreproduserande aure- og abborbestandar. Det er påvist 75 hekkande fugleartar, og svært gode biotopar for spetter.

Dokumentasjon: Verneplan IV, SP-rapport

Kosåna (022.CZ)

219,72 km2 i Evje og Hornnes, Åseral, Marnardal og Hægebostad. Til nå utanom SP.

Verneverdi: Er tidligare ikkje vurdert i verneplansamanheng. Er i praksis utan tekniske inngrep, men påverka av sur nedbør. Det største uregulerte sidevassdraget til den elles sterkt regulerte Mandalselva. Verdi som type- og referansevassdrag.

  1. Høgareliggande område er ein del av sørlandsheiene der berggrunnen er eksponert med tydelig strøkretning og gjennomgåande sprekkesystem. I nedre del har elva skore seg ned slik at dalen har V-form.
  2. Fleire fjellplanter og austlige artar har si sørgrense ved/i nedbørfeltet. Myr/våtmarksområde vest for Gunnarsvatnet svært verneverdig. 107 fugleartar registrert, derav 67 hekkande. Feltet er rikt på ferskvasslokalitetar og har typisk sørlandsfauna. Drivast eit stort kultiveringsarbeid, med kalking og utsetting av fisk.
  3. Området er svært godt eigna til både sommar- og vinteraktivitetar med gunstig klima og gode snøforhold vinterstid. Lettgått terreng, vatna blir mye brukt til vassbaserte aktivitetar.Regional ressurs for hytteliv og rekreasjon.
  4. Nedbørfeltet er svært rikt på fornminne, med bl.a. steinalderboplassar og jernutvinning. Nyare tids kulturminne viser utnytting av utmarka til slåtting, beite, jakt og fangst samt fløyting og sagbruk.
  5. Nedbørfeltet består av eit småkupert heilandskap i nord som lenger sør går over i eit småkupert skoglandskap med avrunda former. Hovudelva renn via fleire større vatn, og feltet for øvrig har mange ferksvasslokalitetar.

Dokumentasjon: Kartlegging i samband med Verneplan IV

Litleåna (024.B1Z)

35,05 km2, Kvinesdal og Hægebostad, SP-kat. II

Verneverdi: Eigna typevassdrag ved at det dekker mange vegetasjonssoner; øvre delar har også referanseverdi. Området er viktig for friluftsliv med bl.a. nær-, helge- og fritidsbruk. Nedbørfeltet har mange fugleartar som er fåtallige eller sårbare, og er eit svært verdifullt supplement til den verna Lyngdalselva. Litleåna har svært stor eller stor verdi for alle fagfelt.

Dokumentasjon: Verneplan IV, SP-rapportar

ROGALAND

For Rogalands del er det viktig å få med ein del større vassdrag som er representative for vassdragsnaturen i fylket. Mange av dei objekta som er verna, er mindre vassdrag.

Sokndalselva (026.4Z)

293,85 km2, Sokndal, Lund, Eigersund, kat. I+II i SP

Verneverdi: Berre ei mindre sidegrein er bygd ut; Barstad/Rosslandsgreina. I tillegg er ei mindre opprusting av eksisterande kraftverk nylig vedtatt av OED. Verdiane i vassdraget er derfor i stor grad intakte. Både Sokndal kommune, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen har tidligare gått mot ytterligare utbygging i vassdraget. Elva blir innsjøkalka for større beløp kvart år. Laksestamma er på full fart fram, og elva er nå det 6. beste laksevassdrag i Rogaland. Nedbørfeltet er veleigna for ulike former for friluftsliv og er lett tilgjengelig. Vassdraget har stor typeverdi, og særlig kystmiljøet ved elvas utløp i Sogndalsstrand har nasjonal verneverdi. Nedbørfeltet har svært store ornitologiske kvalitetar; 219 artar er registrert, av desse er mange sjeldne. Også kulturminna er mangfoldige og verdifulle, og viser eit langt tidsrom, og landskap og miljø har stor opplevingsverdi. Mange kulturminne er nært knytt til vassdraget.

Dokumentasjon: Verneplan IV og SP-rapportar.

Bjerkreimvassdraget (027.Z)

705,47 km2, Bjerkreim, Gjesdal, Sirdal, Egersund, Time, SP-kat. I og II

Verneverdi: Berre ei lita sidegrein øvst i vassdraget, Maudalsåna, er bygd ut. Einaste større vassdrag frå hei til fjord i Rogaland som er nær intakt, typevassdrag for regionen. Har også kvalitetar som referansevassdrag. Utbyggar har nylig signalisert at det meldte prosjektet Ørsdal Nord-Bjordal neppe er politisk gjennomførbart. Har tidligare hatt 10-årsvern. Foreslått som nasjonalt laksevassdrag av Villaksutvalet.

  1. Sentrale delar av feltet har velutvikla lausmasseformer. Vidare har mange av sidevassdraga fjordsjøar i nedre del. Høgfjellsområda er tydelig merka av breerosjon med småkuperte fjellparti ogf djupe U-dalar.
  2. Vassdraget blir kultivert og kalka og laksestamma er på god veg opp att. Er nå beste laksevassdrag i Rogaland og 7. beste i landet. Stor verdi som produksjonsområde for vilt. Interessant med mye overvintrande kongeørn og songsvane.
  3. Store rekreasjonsmessige verdiar knytt til laksefiske, som er ope for alle, og anna friluftsliv. Svært mye brukt til skiturar, regional verdi.
  4. Stort mangfald i kulturminne, kan følgje bosettinga samanhengande frå steinalder til i dag. Kulturminna i god stand og lett tilgjengelige.
  5. Nedbørfeltet går frå fjell til fjord, er sterkt forgreina og har stort innslag av vatn. Beiting og lyngbrenning har senka skoggrensa, men lyngheiene gror nå att.

Dokumentasjon: Verneplan III og SP-rapportar 

Ognaåni (027.6Z)

120,17 km2, Hå, Egersund, Bjerkreim  

Verneverdi: Berre eit lite sidevassdrag heilt nedst i vassdraget har ei lita regulering. Elles er feltet utan kraftutbygging og har store urørte område. Dette er eit spesielt typevassdrag med vesentlig innslag av innsjøer i lakseførande strekning. Er av Villaksutvalet foreslått som nasjonalt laksevassdrag. Blir kalka og har ein svært sterk laksebestand (eit av dei mest produktive laksevassdrag i landet); er nå 4. beste laksevassdrag i Rogaland. Vassdraget har stor rekreasjonsverdi gjennom svært populært laksefiske som er ope for alle. Det er ingen større kraftutbyggingsinteresser i vassdraget.

Dokumentasjon: Villaksutvalets innstilling, NJFF i Rogaland 

Jørpelandsåna (032.Z)

79,84 km2, Strand, Hjelmeland og Forsand, utbyggingssøknad

Verneverdi: Eit sidevassdrag er bygd ut, elles er store delar av nedbørfeltet urørt. Utbyggar ønskjer nå berre opprusting av eksisterande kraftverk. Barskogslokaliteten Longavatn i nedbørfeltet er verna. Blir i dag kalka, og det er bygd laksetrapp for å forlenge den lakseførande strekningen. Området har stor verdi for friluftsliv og er mye brukt.

Dokumentasjon: Konsesjonssøknad, NJFF Rogaland

Lingvangelva (036.2Z)

38,56 km2, Suldal og Sauda, kat. I/II i Sp 

Tengesdalselva (036.3Z)

14,61 km2, Suldal og Sauda, kat. I/II i Sp

Desse to elvene er nabovassdrag, og vi omtaler dei felles. Begge inngår i dei omfattande kraftutbyggingsplanane i Sauda, og øvre delar er tenkt tatt inn på ein overføringstunnel (takrenne) til Storelvvassdraget. Begge objekta er fyldig omtalt i Vp. IV, og får stort sett høgste eller nest høgste verneverdi for alle fagfelt. Begge vassdraga er del av villmarksområdet Skaulen, som er utan inngrep og heller ikkje har merka løyper. Dette er Rogalands siste villmark med svært store naturfaglige verdiar. Saman med Malldal og Sagåni representerer desse elvene i hovudsak dei siste urørte fossane som fell direkte frå fjell til fjord. Lingvangfossen er, ved sida av Månafossen, Rogalands mektigste fossefall og det største med utløp i fjorden.

Dokumentasjon: Verneplan IV, Samla plan-rapportar og konsesjonssøknad Sauda

Malldalselva (037.11Z)

16,63 km2, Sauda og Suldal, kat. I/II i Sp

Sagåna  (037.1Z)

21,97 km2, Sauda kommune, kat. I/II i Sp

Verneverdi: Dette er også nabovassdrag som inngår i Saudautbygginga. Dei utgjer også ein del av Skaulenområdet. Begge er vurdert i Vp. IV, og får der jamnt over middels verneverdi. SRN meiner dei må sjåast i eit regionalt perspektiv, som del av eit av Rogalands siste urørte område. Sagåna har dessutan ein spektakulær foss som munner ut i Saudafjorden, og som er lett å sjå frå Sauda sentrum.

Dokumentasjon: Verneplan IV og konsesjonssøknad Sauda

Åbøelva (037.2Z)

81,5 km2, Sauda og Etne, kat. I/II i Sp 

Verneverdi: Denne elva er også ein del av Saudaprosjektet. Ei sidegrein er bygd ut, men det er svært viktig å sikre resten av hovudvassdraget mot vidare utbygging. I Buer-området er det nasjonale verneverdiar både geologisk og botanisk. Dette området har liten toleranse for inngrep og ei utbygging vil ha veldig store negative effektar. Dalen er eit svært viktig utfartsområde for Sauda og nordfylket både sommar og vinter, med relativt mange privathytter. Det er relativt stor kultiveringsverksemd i vassdraget, som har både laks og sjøaure.

Dokumentasjon: Konsesjonssøknad, NJFF Rogaland og heftet "Naturperler eller kraftkjelder? (utgitt av Vernegruppa for Saudavassdraga).

Øvstabøelva (Rødneelva/Sandeidvassdraget) (038.3Z)

61,25 km2, Vindafjord og Etne, planar om elvekraftverk  

Verneverdi: Vassdraget har i dag ikkje utbygging. Det blir kalka og har bestand av laks og sjøaure. Vassdraget blir også kultivert. Rekreasjonsmessige verdiar knytt til utøving av fiske som er ope for allmenta. Nedbørfeltet er del av Haugesund Tfs rutenett; inngangsport til Etnefjella. Olalihytta ligg innafor nedbørfeltet.

Dokumentasjon: Rogaland NJFF

HORDALAND

Vaulaelva (042.31Z)

30,7 km2, Etne og Sauda, aktuell i Saudautbygginga

Verneverdi: Den fantastiske Langfossen fortener fullt vern året rundt. Derfor foreslår vi Vaulaelva inn i verneplanen. Øvre delar av nedbørfeltet er eit viktig og mye brukt turterreng, bl.a. ligg delar av Haugesund Turistforenings rutenett her. Vi vil også framheve eit flott landskap og gode fiskemuligheiter samt rikt fugleliv.

Dokumentasjon: Konsesjonssøknad Sauda, Verneplan II, hefte Vernegruppa

Dalelva (042.3Z)

106,71 km2, Etne og Odda, aktuell i Saudautbygginga

Verneverdi: Elva blir kalka, nedre del har laks, sjø- og bekkeaure. Fuglefaunaen er relativt artsrik (88 artar registrert, derav 6 trua). Hjort og villrein finst også innafor nedbørfeltet. Vassfaunaen er relativt rik, bl.a. med mange grupper av botndyr og god tettleik. Delar av HATs rutenett inngår i nedbørfeltet, bl.a. oppgangen til den mye brukte Simlebu frå E-76. For øvrig blir delar av vegen nå lagt i tunnel slik at Rullestadjuvet vil framstå som eit unikt reisemål for alle. Her kan ein da oppleve elva i trange juv, ein gammal postveg som heng i fjellsidene og velutvikla jettgryter (Nord-Europas største).

Dokumentasjon: Konsesjonssøknad Sauda, SP-rapport

Guddalselva (045.32Z)

35,83 km2, Kvinnherad kommune, utbyggingsplanar

Verneverdi: Ligg sør for Hattebergvassdraget, og drenerer areal aktuelle i Folgefonna nasjonalpark. Det er i det siste investert mye i vassdraget, bl.a. er det installert permanent fisketeljar som gir muligheit for registrering av all ut- og oppvandrande fisk, inkl. rømt fisk. I tillegg er det bygd ny fisketrapp. Pga. nærheit til Folgefonna og store fiskeinteresser (laks og aure), er vassddraget verdifullt for friluftsliv.

Dokumentasjon: Rapport frå Havforskn.inst.: Biotopfremjande tiltak

Jondalselvi (047.2Z)

108,07 km2, Jondal og Ullensvang, SP-kat. II

Verneverdi: Øvre ¼ av nedbørfeltet er overført til Mauranger, og elva har derfor ikkje brevatn lenger. Nedbørfeltet har derfor ikkje referanseverdi.

  1. Jondalselvi drenerer område nord for Folgefonni, og går gjennom eit landskap med høge fjell og djupe dalar, tydelig prega av sterk breerosjon. Landformene har store kontrastar; dei mest markerte er danna gjennom fleire nedisingar i kvartær tid, og har gitt trauforma botnar og U-dalar med tersklar og basseng. Fleire sidedalar er hengande. Breelvmateriale og elveavsettingar finst i dalane, og mange moreneryggar viser avsmeltinga under siste istid.
  2. Ein liten del av nedbørfeltet har kalkhaldig berggrunn med kravfulle artar. Fleire stadar er det planta gran. Alle tradisjonelt jakta artar finst her, og det er bra med rovdyr, rovfugl og ugler. Elva er laks- og sjøaureførande i 1,3 km.
  3. Nedbørfeltet er godt eigna til friluftsliv, men lite lagt til rette. Veg opp Krossdalen gir lett atkomst til breen. Krossdalen er eit naturlig utgangspunkt for lengre breturar. Vatna blir brukt til fiske av folk lokalt, og området for øvrig til hjorte- og småviltjakt. Området er regionalt viktig for friluftsliv.
  4. Innafor området er det ei mengd stølar, og beitepåverknaden er tydelig. Det er funne gjenstandar frå jernalderen, og det er kjent mange kleversteinbrot.
  5. Området har godt utvikla landformer, der gamle avrunda står i kontrast til yngre, skarpt markerte.

Dokumentasjon: SP-rapport

Torsneselva (047.1Z)

20,51 km2, Jondal kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Einaste inngrep i nedbørfeltet er 1m regulering av Torsnesvatnet. Elva har derfor potensiell verdi som referansevassdrag og er aktuell som typevassdrag. Torsneselva er trulig ein betre kandidat for nordre del av Folgefonnhalvøya enn Jondalselvi.

  1. Dalsystema i nedbørfeltet er markerte, forgreina og terrasserte, gravd ut ved iserosjon i kvartær. Fleire hengande dalar har tilpasningsgjel. I dalbotnane er det botnmorene. Vi finn moreneryggar med glasifluviale avsetningar, spylerenner og dødisgroper.
  2. Flora/vegetasjon er typisk for regionen, med middels utval av vegetasjonstypar. Rike plantesamfunn mangler. Stort utval i bjørkeskogsassosiasjonar. Bra med skogsfugl, rovfugl, ugler, rikare skog har godt utval av spetter og spurvefugl.
  3. Områdets kontrastrikdom gir stor opplevingsverdi, og elva speler ei viktig rolle i naturlandskapet. Nedre delar er lett tilgjengelig, og området eigner seg svært godt til dagsturar og friluftsliv i samband med hytteopphald. Området har fleire stiar, og feltet eigner seg godt til fiske, hjortejakt og småviltjakt. Stor lokal bruk.
  4. Det er gjort funn frå eldre og yngre steinalder, og det er eit godt bevart sætermiljø ved Torsnesvatnet. Kulturminna er nært knytt til vassdraget.
  5. Landskapet er særmerkt og storslått, med store kontrastar mellom glattskurte berg, frodige bjørkelier og flate myrparti. Også stor variasjon i dalformer. Velutvikla gjel, fossar og stryk gir eit markant visuelt inntrykk.

Dokumentasjon: SP-rapport

Byteselvi (Kvitnoelva) (048.3Z)

13,8 km2, Odda og Ullensvang, SP-kat. II i SP.

Verneverdi: Vassdraget er ei perle innafor den komande Folgefonna nasjonalpark og er eit element i landskapet som bind fjord og fonn saman. Det har sitt utspring i området "mellom" nord- og sørbreen og utløp i Sørfjorden. Vassdraget har store kontrastar og eit vilt preg, med store opplevingsverdiar innafor eit lite område. I dei bratte skogsliene hekker sjeldne fugleartar som hønsehauk og kvitryggspett. Fin aure finst i Raundalsvatnet, som er det viktigaste fiskevatnet vest for Sørfjorden. Området blir elles brukt som oppstiging for breturar, og er ein viktig innfallsport.

Dokumentasjon: Verneplan IV, Samla planrapport

Eitrheimselvi (048.41Z)

9,79 km2, Odda kommune, kat. I SP, konsesjonsbehandling pågår

Verneverdi: Vassdraget er i dag delvis utnytta i vassforsyninga til Norzink, og Blådalsvatn er som ei følgje av dette regulert mellom 1060 og 1035 moh. Bergen Turlag v/Odda Turlag gjennomfører nå ei vesentlig opprusting av ridestien som går frå Odda opp til Holmaskjer, langs vassdraget. Vassdraget framstår som urørt frå ridestien, og danner ei flott ramme rundt turen opp til Fonna.

Dokumentasjon: SP-rapport

Øysteseelvi (Fugladalsvassdraget) (052.6Z)

44,31 km2, Kvam kommune, kat. I Samla Plan, over 40 GWh

Verneverdi: Vassdraget starter i høgfjellet, og renn gjennom eit gammalt kulturlandskap som haldast i hevd med støling, slått og dyrka mark. Utløp i Hardangerfjorden. Øvre delar av vassdraget er mye nytta i friluftslivssamanheng. Ørredalsfossen nedst i vassdraget er eit fantastisk syn i periodar med stor vassføring. Det drivast aktivt kultiveringsarbeid i nederste del av vassdraget, både av laks og sjøaure. Lokal vernegruppe.

Dokumentasjon: Samla plan-rapport

Lonelvi (060.4Z)

57,4 km2, Osterøy kommune, søkt fritak frå SP for mindre prosjekt i sidegrein

Verneverdi: Elva har ei spesiell laksestamme av nasjonal interesse. Vassdraget er svært produktivt og det er i lang tid dreve aktivt kultiveringsarbeid. Området rundt Storavatnet øvst i vassdraget er lett tilgjengelig og brukast mye til bading sommarstid. Gjerståfossen er eit viktig kulturlandskapselement. Det er førekomstar av elvemusling i vassdraget og hekkelokalitet for fossekall. Lonelvi er foreslått som nasjonalt laksevassdrag.

Dokumentasjon: Utbyggingsprosjekt, Bergen Turlag/NNV i Hordaland

Vossovassdraget (062.Z)

1492,26 km2, Voss, Aurland, Ulvik, Vik, Kvam, Vaksdal, aktuelle utbyggingsplanar

OED har definert vernet av Vossovassdraget til å gjelde ned til Vangsvatnet. SRN ønskjer at vernet skal gjelde ut til fjorden, som var føresetnaden i Verneplan III. Dei store verneverdiane i nedbørfeltet er godt dokumentert gjennom Vp. III og kons.søknader samt Samla plan-rapportar. Foreslått som nasjonalt laksevassdrag. I nedre del av Vosso er det eitt sidevassdrag vi er spesielt opptatt av, og som vi derfor gir særskilt omtale.

Rasdalselvi (062.A)

Voss kommune, kat. I Samla plan, meldt, KU-program fastsett

Verneverdi: Rasdalen framstår som ei urørt perle frå Rasdalsvatnet og oppover. Vassdraget utgjer eit viktig element i landskapsopplevinga for brukarane av stien oppover dalen. Dalen er mye brukt til friluftsliv av dei mange hytteeigarane rundt Rasdalsvatnet. Nedre del av Rasdalselvi, som har sitt utløp i Vosso, er laks- og sjøaureførande på ein strekning på rundt 400 meter. Voss kommune har tidligare stilt seg skeptisk til ei utbygging av vassdraget.

Dokumentasjon: SP-rapport

Tysseelvi (Øvstedalsvassdraget) (062.3Z)

74,97 km2, Voss og Vaksdal, utbyggingsplanar

Verneverdi: Øvste del av vassdraget verna i Verneplan II. BKK har utbyggingsplanar for nedre del av vassdraget i kombinasjon med utbygging av Hesjedalsvassdraget. Vassdraget nedanfor Lonevatn må inkluderast i vernet. I ei naturfaglig vurdering av Øvstedalsvassdraget er det sagt at av dei 11 Hordalandsvassdraga som vart vurdert i Vp. IV ville Øvstedalsvassdraget blitt rangert nest øvst.

Dokumentasjon: Vp. II, Samla plan-rapportar, NNI-rapport nr. 6

Øyaelvi (Hesjedalsvassdraget) (063.1Z)

37,37 km2, Vaksdal kommune, kat. I Samla Plan

Verneverdi: Området er mye brukt til friluftsliv av folk lokalt, men har óg regional verdi. Skolar og barnehagar bruker området aktivt. Hesjedalsfossen har eit fall på 70 meter ut i Eidsfjorden og er svært viktig i reiselivssamanheng. Kommunen støtter vern.

Dokumentasjon: SP-rapport, materiale frå Vernelag for Hesjedalsvassdraget.

Stølselvi (064.ABZ)

13,15 km2, Modalen kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Vassdraget er viktig for Modalens turismesatsing. Elva går gjennom eit verna barskogsområde, med den vestligaste ville granskogen i Norge, og gjennom eit nydelig kulturlandskap. Nedste del av vassdraget er allereie utnytta i eit privat minikraftverk. Kommunen støtter vern av vassdraget.

Dokumentasjon: SP-rapport

Romarheimselvi (Haugsdalsvassdraget) (064.4Z)

49,01 km2, Lindås kommune, SP-prosjekt

Verneverdi: Dyrkollbotn/Eiterdalen er eit populært turområde for heile Nordhordlandsregionen sommar og vinter. Turstien frå Dyrkollbotn til Bergen Turl.s nye hytte Skavlabu i Stølsheimen følgjer vassdraget frå Fossvatnet og oppover. Leirskolen ved Dyrkollbotn bruker områda ved vassdraget aktivt. Området er rikt på godt vedlikehaldne stølar og har mange fine og vekslande naturkvalitetar. E39 følgjer nedre delar av vassdraget, men områdets sentrale plassering i eit viktig friluftsområde, natur- og kulturkvalitetane kan gjere det kvalifisert til vern. Kommunen sa i i sin uttale til Samla plan-kategorisering i fjor nei til utbygging (overføring av Storevatn). Delar av nedbørfeltet er tidligare overført, og det må undersøkast kor omfattande dette er.

Dokumentasjon: SP-rapport, Bergen Turlag

Nøttveitelv (064.3)

Modalen kommune, Samla Plan-prosjekt

Verneverdi: Kulturhistoriske verdiar langs vassdraget, knytt til bygningar, landskap, gårds- og stølsdrift i nyare tid. Funn av boplass frå steinalderen og fleire fornminne. Nabovassdrag til Haugsdalsvassdraget.

Dokumentasjon: SP-rapport

SOGN OG FJORDANE

Mjølsvikelva (070.1Z)

16,79 km2, Høyanger kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Ligg i randsona til Stølsheimen landskapsvernområde. Regulering av Storavatnet øvst i vassdraget vil føre til at ferdsla mellom Stølsheimen og Sognefjorden som går via Norddalshytten (BT) til Ortnevik opphører. Dette er den mest sentrale passasjen mellom Stølsheimen og Sognefjorden. Mjølsvik har mange av dei same kvalitetar som Ortnevikvassdraget, men er litt mindre. Ved eit vern hindrer ein ytterligare utbygging i randsona av verneområdet og unngå store problem for ferdsel i området.

Dokumentasjon: SP-rapport, vern av Stølsheimen landsk.v.omr.

Ortnevikvassdraget (070.2Z)

58,17 km2, Høyanger kommune, SP-kat. I.

Verneverdi: Størstedelen av vassdraget ligg innafor Stølsheimen landskapsvernområde. BKK har planar om å overføre Litleelva ovanfor Brydalsseter til Østerbø kraftverk. Ei slik regulering vil føre til at stien til Norddalshytten (BT) ikkje lenger vil vere farbar. Storeelva og Litleelva danner Ortnevikelva ved samløp nede i bygda. Storelva går gjennom eit vilt og vakkert landskap og er relativt vanskelig tilgjengelig. Fessene er ein imponerande foss på strekningen mellom Furedalsvatnet og Vassdalsvatnet. Vassdraget har sine kjelder sentralt inne i Stølsheimen.

Dokumentasjon: SP-rapport, vern av Stølsheimen landsk.v.omr.

Feioselvi (071.1Z)

75,37 km2, Vik kommune, mindre utbyggingsprosjekt

Verneverdi: Store naturkvalitetar; utbygging vil verke svært skjemmande i dette idylliske området. Drenerer areala oppunder Fresvikbreen, eit område som ikkje tidligare er representert på verneplanen. Området er mye brukt til friluftsliv, men er utan fysisk tilrettelegging, og er lagt opp til fortsett å vere det, jfr. Norsk sti- og løypeplan (Mål og retningslinjer for stier og løyper i fjellet: DN-rapport 1994: 10). Området er derfor i store trekk urørt, og med ein flott bre.

Dokumentasjon: Lokal utbyggingsplan, NNV i Sogn og Fjordane

Fresvikelvi (071.2Z)

63,25 km2, Aurland kommune

Verneverdi: Nabovassdrag i aust til Feioselvi, drenerer meir av Fresvikbreen, og har altså meir karakter av å vere breelv. Har elles mange av dei same kvalitetane som Feioselvi, og dei to til saman vil utfylle kvarandre og gi eit godt vern i Fresvikområdet.

Dokumentasjon: Verneforslag Nærøyfjorden

Nærøydalselvi (071.Z)

289,71 km2, Aurland, Vik og Voss, SP-kat. II

Verneverdi: Delar av nedbørfeltet ligg innafor det foreslåtte Nærøyfjorden landskapsvernområde. Viktig friluftsområde i høgareliggande delar, turisme i lågareliggande. Noe inngrep ved utløp. 10 km av elva er lakse- og sjøaureførande. 117 fugleartar, derav 86 hekkande, rein, hjort, elg. Svært stor kulturminneverdi, stort mangfald, viser ressursutnytting frå steinalderen fram til i dag. Området er lett tilgjengelig, og grenser til friluftsområde av nasjonal verdi. Foreslått som nasjonalt laksevassdrag.

Dokumentasjon: Vp. IV, verneplan Nærøyfjorden, SP-rapportar

Sagelvi (072.5Z)

30,56 km2, Lærdal kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Vassdraget har få inngrep og stor landskapsestetisk verdi, og vil utgjere ein heilskap i Bleiaområdet saman med Kolarselvi og Erdalselvi. Har i tillegg svært stor verdi for kulturminne knytt til skog- og sagbruksmiljø og stor verdi for naturfag, særlig i samband med gammal furuskog og fuglefaunaen.

Dokumentasjon: Vp. IV og SP-rapport

Erdalselvi (073.2Z)

137,77 km2, Lærdal og Aurland, OED avslått konsesjonssøknad

Verneverdi: Type- og referansevassdrag, regionalt viktig friluftsområde. Nedbørfeltet er godt representert både med fugl og pattedyr, inkl.villrein. Området er rikt på kulturminne som dekker eit langt tidsrom. Særlig jakt- og fangstminna, som er av dei tettaste konsentrasjonane på Vestlandet, har stor kulturhistorisk verdi samt stort kunnskapspotensial. Erdalselvi vil supplere og utfylle den verna Kolarselvi i vest.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar, konsesjonssøknad

Indre Offerdalselvi (074.5Z)

60,84 km2, Årdal kommune, SP-prosjekt

Verneverdi: Det går veg langs vassdraget frå Åsete til Ytre Ofredal, som har utløp i Årdalsfjorden ca 12 km vest for Årdalstangen. Pga. få inngrep er referanseverdien stor. Landskapet er forma av brear og elver; nedre del er V-forma. Store delar av nedbørfeltet har samanhengande morenedekke. Området er kjent for storstamma kvalitetsfuru. Landskapet er typisk for indre delar av Sogn. Innslag av kulturmark, og nede ved fjorden er det eit heilskaplig kulturlandskap på 30 daa. Store areal i nedbørfeltet er inngrepsfri sone 1 og 2. Nedbørfeltet er godt eigna for rekreasjon, men er, med unntak av Seimsåsen, ikkje tilrettelagt for friluftsliv. Nedbørfeltet blir brukt mest sommarstid, med unntak av Seimsåsen, som har serveringshytte, kjører opp løyper, arrangerer skirenn og har lysløype. Årdal Turlag arrangerer turar i området både sommar og vinter. Verdien for friluftsliv er stor. Faunaen er forholdsvis rik; alle fire hjortedyrartar har tilhald, hjort i tette bestand. Øvre delar av feltet er viktigast som sommarbeite for kalv og simler frå Vest-Jotunheimen villreinområde, men brukast også resten av året. Fuglefaunaen er god, med mange artar både av hønsefugl, spettar, rovfugl og vadefugl. I alt 10 hus med mølle, sagbruk, sjøbu og gardshus frå 1800-talet gjev innsyn i byrjinga av ei omfattande industriutvikling i kommunen. Eit levande museum.

Dokumentasjon: SP-rapport

Ytre Offerdalselvi (074.52Z)

42,35 km2, Årdal kommune, SP-prosjekt

Verneverdi: Vassdraget er heilt utan inngrep, og har utløp i Årdalsfjorden ca 10 km vest for Årdalstangen. Pga. urørtheiten er referanseverdien stor. Landskapet er forma av brear og elver; dalføret har markert V-tverrsnitt. Midtre delar av nedbørfeltet har samanhengande morenedekke. Området er kjent for storstamma kvalitetsfuru. Landskapet er typisk for indre delar av Sogn. Eit større område i nedbørfeltet er villmark (> 5 km frå tekniske inngrep). Store areal er også inngrepsfri sone 1 og 2. Nedbørfeltet er veleigna til friluftsliv, men relativt vanskelig tilgjengelig. Det brukast mest til jakt og fiske, og bruken er størst sommarstid. Årdal Turlag arrangerer turar i området både sommar og vinter. Verdien for friluftsliv er høg. Faunaen er relativt rik; alle fire hjortedyrartar har tilhald, hjort i tette bestand. Øvre delar av feltet er viktigast som sommarbeite for kalv og simler frå Vest-Jotunheimen villreinområde, men blir også brukt resten av året. Fuglefaunaen er god, med mange artar både av hønsefugl, spettar, rovfugl og vadefugl.

Dokumentasjon: SP-rapport

Storelvi (Mårdalselva) (079.5Z)

22,58 km2, Høyanger kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Eit lite, kystnært vassdrag som drenerer til Sognefjorden, og som er lite påverka av tekniske inngrep. Det har derfor referanseverdi, og er dessutan representativt for mindre vassdrag i midtre del av Sognefjorden. Storelvi har stor botanisk verdi, med bl.a. ein del varmekrevjande og kravfulle artar, og også stor verdi for kulturminne, med sjeldne funn frå bronse- og jernalder, og gamle bygningar frå rundt 1800.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Guddalsvassdraget (082.Z)

258,48 km2, Fjaler, Høyanger, Hyllestad og Gaular, SP-kat. II

Verneverdi: Dette er eit låglandsvassdrag med stor grad av urørtheit, men der Sørebøelva over kote 340 er unntatt frå vernet. Prinsipielt bør ein ikkje ha slike løysingar med delvern i verneplanen, dessutan blir både referanseverdien og typeverdien borte (eller kraftig redusert) dersom denne sidegreina blir bygd ut. Heile Guddalsvasdraget bør derfor inn i verneplanen.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Fossdalselva (083.32Z)

18,74 km2, Fjaler kommune, utbyggingsplanar

Verneverdi: Renn ut i Dalsfjorden nord for Dale. Viktig friluftsområde. Sentralt i Indre Sunnfjord Turlag sitt hytte-rutenett "Frå hav til bre". Vassdraget ligg midt mellom dei 2 hyttene som no er ferdige, Nipebu og Massbu. Ruta mellom hyttene krysser vassdraget. Rute til kvar av hyttene går i tillegg frå utløpet i Dalsfjorden og langs store delar av vassdraget. Ved eventuell utbygging, vil Askvollhalvøya bli "kutta tvers over" av tunge tekniske inngrep. Like nord for Fossdalselva er nemlig Skorvenvassdraget relativt hardhendt bygd ut. Det er gode aurefiskevatn i vassdraget. Det er knytt viktige kulturminne til feltet, som dei nedlagde gardsbruka Nedre og Øvre Fossedal, fleire stølar etc. Bortsett frå ei 66 kV kraftlinje og kulturminna, er det ingen tekniske inngrep i nedbørfeltet. Askvoll kommunestyre har samrøystes gått mot all utbygging i vassdraget.

Dokumentasjon: SP-rapport, Sogn og Fjordane Turlag

Rivedalsvassdraget (083.4Z)

21,76 km2, Askvoll kommune, SP-prosjekt

Verneverdi: Nabovassdrag mot vest til Fossedalsvassdraget. Renn ut i Dalsfjorden i Rivedal. Viktig friluftsområde. Nipebu (turhytte) ligg på sørsida av Langevatnet, og ei av hovudrutene til Nipebu går langs vassdraget. Bortsett frå ei lita vassverkutbygging i nedre delar, er vassdraget urørt. Planar om kraftutbygging i området der vassverket er i dag og eit stykke oppover vil redusere verdien av vassdraget noe, men dei største verdiane ligg lenger opp. Det er ganske godt fiske i vassdraget. Laks og sjøaure i nedre delar, og aure høgare oppe. Eit kalkingsprosjekt i samarbeid med Fylkesmannen er i gang, og det er venta at det om noen år vil gi mye betre fiske.

Dokumentasjon: SP-rapport og Sogn og Fjordane Turlag

Storelva v/Rørvika (?)

Askvoll kommune

Verneverdi: Vassdraget renn ut i Førdefjorden eit stykke vest for kommunegrensa til Førde. Delar av vassdraget er planlagt utbygt i Samla Plan for Skorvenvassdraget. Tobbedalsvatn og Nipevatn er delar av denne elva som er spesielt omtalt. Vassdraget går heilt inn i den mest sentrale, villaste og mest urørde delen av Askvollhalvøya. Hovudruta til fots til det høgste fjellet i dette området, Bleia 1305 moh., går langs så å seie heile vassdraget. Denne turruta har lange tradisjonar, og det vil vere svært uheldig om dette vassdraget blir bygd ut.

Dokumentasjon: SP-rapport, DNs vassdragsrapport nr . 36 Skorvenvassdraget

Ångedalselva (Anga) (084.AZ)

95.07 km2, Førde kommune

Verneverdi: Sideelv til Jølstra som går nordaustover like ved Førde sentrum. Ein stor del av vassdraget går i låglandet, i kulturlandskap. Elva har også ein meir høgtliggande del som er attraktiv for friluftsliv. Ei av rutene til Longevasshytta går langs vassdraget.

Dokumentasjon: Sogn og Fjordane Turlag

Årdalselva (084.E4Z)

37,52 km2, Jølster kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Sideelv til Jølstra; renn ut på nordsida av Jølstravatnet. Viktigaste ruta til Longevasshytta går langs vassdraget, altså er dette ein av dei viktigaste innfallsportane til Naustdal/Gjengedalområdet, som snart blir landskapsvernområde. I framlegget til landskapsvernområdet er det opna for utbygging med regulering av Stegsvatnet innanfor naturlig vasstandsvariasjon. Det er grunn til å tru at sjølv ei så lita regulering vil skape problem for skiturar til Longevasshytta om våren/forsommaren. Ein må rekne med at isen vil "sleppe land" tidlegare, og det vil hindre ferdsla i ein kritisk periode når det framleis ikkje er forsvarleg å gå langs land. Elva er i dag relativt urørt, og heilt urørt i høgareliggande delar.

Dokumentasjon: SP-rapport, Sogn og Fjordane Turlag

Nausta (084.7Z)

277,12 km2, Naustdal, Gloppen og Førde, SP-kat. I, aktuell for vern etter naturvernl.

Gjengedalsvassdraget (086.Z)

170,22 km2, Gloppen og Naustdal, SP-kat. I, aktuell for vern etter naturvernloven

Verneverdi: Nabovassdrag som til saman utgjer eit stort og urørt område som er mye brukt til friluftsliv. Begge elvene har stor type- og referanseverdi, og området vurderast nå for vern etter naturvernloven. Begge elvene er gode lakseelver, og villrein har delar av sitt leveområde innafor nedbørfelta. Vassdraga er også svært rike på kulturminne, og dei har viktig beiteområde for stor- og småfe. Begge bør vernast for å sikre heilskapen. For Nausta, som sist vart vurdert i Vp. IV, er verneverdien svært stor for botanikk, kulturminne og friluftsliv, stor for resterande fagfelt (geofag, land- og vassfauna).

Dokumentasjon: Vp. IV, Samla plan, konsesjonssøknad, verneplanprosess

Hovlandselva (085.3Z)

Ca. 5-6 km2, Flora kommune

Verneverdi: Elva ligg like sør for Ålfotbreområdet, og renn ut i Eikefjorden like vest for Eikefjord sentrum. Dette er eit viktig nærutfartsområde, trulig det viktigaste i Eikefjord. Området blir også brukt av folk frå sentrumsområdet i Flora. Bortsett frå at det er bygt vassverk der, er vassdraget for øvrig ganske urørt.

Dokumentasjon: Sogn og fjordane Turlag

Norddalselva, låglandsdelen (085.5Z)

97,17 km2, Flora kommune, konsesjonssøkt

Verneverdi: Høgareliggande delar av vassdraget er mye utbygt. Lågtliggande deler er så å seie heilt urørt bortsett frå redusert vassføring frå øvre delar. Ei perle av eit urørt "villmarksområde" lett tilgjengelig, "familievennlig", og berre rundt 100 m over havet. Etter ca. 10 min gange frå vegen, ser ein ikkje lenger teikn til menneskelige inngrep. Bortsett frå 2 naust, kan ein gå i fleire timar utan å sjå andre inngrep. Hestedalen, rundt 300 m over havet, er ein ekstra "bonus" i dette flotte området. Viktige delar av Flora Turlag sitt hytte/rutenett går gjennom den verneaktuelle delen av vassdraget. Det må vurderast om vassdraget skal inn i verneplanen når det er så mye bygd ut lenger opp.

Dokumentasjon: SP-rapport, konsesjonssøknad, Sogn og Fjordane Turlag

Tåelva (Grytadalselva) (086.5221Z)

Ca. 22 km2, Flora kommune, utbyggingsprosjekt

Verneverdi: Elva renn langs riksvegen mellom Florø og Svelgen, og renn ut om lag midtvegs inne i Norddalsfjorden. Grytadalsbu ligg ved vassdraget, og hovudruta vestover frå hytta går langs vassdraget. I nordlege delar (vestover frå sørenden av Magnhildskartunnelen) er det viktigaste skiutfartsområdet i Flora kommune. Det vil vere svært uheldig om f.eks. Langevatnet skulle bli reguleringsmagasin.

Dokumentasjon: SP-rapport, konsesjonssøknad, Sogn og Fjordane Turlag

Sagelva (i Myklebustdalen) (086.5Z)

49,2 km2, Bremanger kommune

Verneverdi: Elva renn ut i Ålfoten, og kjem frå vest langs riksvegen mellom Svelgen og Isane. Elva har avgreiningar nord- og sørover frå riksvegen, inn i urørte område. Dette er det største vassdraget i den nordlige delen av Ålfotbreområdet og er eit viktig nærutfartsområde for folk i Bremanger kommune. Inngrepssituasjonen må undersøkast. Vi meiner det er kraftutbygging i vassdraget, og at vatn blir ført vestover mot Svelgen, men er usikre på omfanget. Vern er lite aktuelt viss inngrepa er store.

Dokumentasjon: Sogn og Fjordane Turlag, evt. gammal konsesjonssøknad

Storelva (Skjerdalselva) (086.81Z)

30,18 km2, Gloppen kommune, utbyggingsplanar

Verneverdi: Viktig for etablering av Ålfotbreen landskapsvernområde. Usedvanlig vill og særprega natur. Bortsett frå inngrep pga. fiskeoppdrett heilt nede ved sjøen, er vassdraget urørt. Området rundt Ålfotbreen er sterkt prega av kraftutbygging, og det er derfor viktig å ta vare på det som er att. Spesiell geologi med bl.a Ålfotbreområdets viktigaste fossilfunn delvis innafor nedslagsfeltet. Ved kraftutbygging vil den austlige delen av landskapsvernområdet miste mye av sin verdi. Viktig friluftsområde; turrute frå Gjegnabu til Skjerdal. Skjerdal er eitt av start/sluttpunkta for aust-vestruta mellom Årebrot/Botnane i vest og Hyen/Hyefjorden i aust. Denne ruta går gjennom heile Flora Turlag sitt hytte/rutenett med 5 hytter. Skjerdal er også utgangspunkt for tur til Gjegnalunden, 1670 m, den suverent høgste toppen i den vestlige delen av Sogn og Fjordane.

Dokumentasjon: Sogn og Fjordane Turlag, SP-rapport

Hopselva (086.8Z)

72,61 km2, Gloppen kommune

Verneverdi: Går sørvestover frå Hyen sentrum. Bekkeinntak der elva frå Gjegnalundsbreen er ført vestover til X-vatnet, elles relativt urørt. Store delar av nedbørfeltet er fullstendig urørt. Grenser i vest til det verna Solheimsvassdraget. Argumentasjonen for Hopselva er mye lik Skjerdalselva; bl.a. viktig for Ålfotbreen landskapsvernområde og fine, spesielle turruter både til Gjegnabu og gjennom Straumsbotnen til Grøndalen.

Dokumentasjon: Sogn og Fjordane Turlag

Myklebustdalselva (087.CZ)

115,06 km2, Gloppen kommune

Verneverdi: Elva renn ut i hovudvassdraget ved Byrkjelo, og går austover mot Myklebustbreen og Snønipbreen. Viktig friluftsområde. Elva drenerer sørsida av Utvikfjellet, som er eitt av dei aller viktigaste skiutfartsområda i fylket. Heile området rundt den nordlige (Utvikfjellet), den nordaustlige (mot Ceciliekruna) og den austlige (Myklebustbreen/Snønipbreen) delen av vassdraget er viktige friluftsområde, særleg for skiutfart utover våren, men også til fots. Ei viktig turrute går frå dalbotnen ved Sanddalsvatnet og nordaustover i dalføret som går der. Oppe i dalen kan ein gå både mot Snønipa, Ceciliekruna (på vestsida av Oldedalen) og Utvikfjellet. Det er også ei lett fin rute frå sørenden av vassdraget og over til Stardalen i Jølster.

Dokumentasjon: Sogn og Fjordane Turlag

Tvinna (089.1Z)

18,38 km2, Stryn kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Eit spennande og variert vassdrag nesten utan inngrep. Landskapet har glasialt preg, med U-forma dal hengjande til fjorden. Nedst går elva i eit bratt gjel mot utløp. Botanisk har vassdraget svært stor verneverdi, bl.a. med myrer av nasjonal verdi. Her er det til dels fine utformingar, og med mange rikmyrartar. Nedbørfeltet har kulturminne av stor verdi som dekker eit langt tidsrom. For friluftsliv har området også stor verdi, med mye skiutfart og fiske.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Luster kommune. Elvane er stort sett urørte bortsett frå ein del tiltak i kulturlandskapsområdet.

Sogndal kommune. Viktig frilufts- og turistområde. Elveforbygging i kulturlandskapsområdet. Lenger oppe er elvane urørte.

Jølster kommune. Driva som kjem frå nord og renn forbi Høyset og Åmot. Langedalselva som kjem frå sør mot Fonn. Elva i Tverrdalen, som kjem frå aust.

MØRE OG ROMSDAL

Ørstavassdraget (095.Z)

63,1 km2, Ørsta kommune

Verneverdi: Har verdi som typevassdrag, og vart verna i Vp. I. Dette vernet vart oppheva i Vp. III. Foreslått som nasjonalt laksevassdrag, men har inngrep i nedbørfeltet, bl.a. veg langs store delar av vassdraget, samt eit kraftverk i øvre del. Nedbørfeltet er eit viktig produksjonsområde for vilt, med svært god hjortebestand og allsidig fugle- og småviltfauna. Elva er ei typisk smålakselv, og ei av landets beste, med ei usedvanlig livskraftig laksestamme karakterisert ved kort opphald i fjorden og stor gjenfangstprosent i elva. Lakseførande strekning er lang, og produktivt elveareal stort. Stor tettleik av ungfisk pga. intenst kultiveringsarbeid, svært stort produksjonspotensial. Ørsta JFF driv klekkeri med konsesjon iht. kultiveringsplan for anadrom fisk i M&R. Den er karakterisert som ei middels sjøaureelv. Sidevassdraget Åmdalselva har intakt og rik vegetasjon i kantsonene mot elva. Ørstaelva var stengt for laksefiske i 1999 (av fylkesmannen) pga svak laksebestand. Elva vart opna i fjor og det vart fiska over 2,5 tonn laks og 256 kg sjøaure i 2000. Det er innført kvote på ein laks og 3 sjøaure per døgn.

Dokumentasjon: Vp. III, NOU 1999: 9

Velledalselva (Fetvassdraget) (097.7Z)

91,69 km2, Sykkylven kommune

Verneverdi: Laks- og sjøaureførande. Svært kort elvestrekning frå Fetvatnet. Planar om tiltak for å lette lakseoppgangen. Munningsområdet er noe bygd ut. Viktig turterreng; Velledalen er innfallsport til eit område med to turlagshytter, Velledals- og Patchellhytta. Sistnemnte er kjent for alle som driv tindesport. Vassdraget drenerer delvis bre.

Dokumentasjon: NJFF i Møre og Romsdal, Ålesund-Sunnmøre Tf

Bygdaelva (098.6Z)

151,94km2 – 42,12 km2 = 109,82 km2, Stranda og Stryn, SP-kat. II

Verneverdi: 1/3 av nedbørfeltet (Holedalselva) vart verna i Vp. IV, resten må vernast nå for å få med heilskapen. I Vp. IV vart hovudelva og Frøysadalselva verdsett minst like høgt som Holedalselva, og Bygdaelva fekk svært stor eller stor verneverdi for alle fagfelt. Dessutan er dei første 2 km av hovudelva (ikkje verna) laks- og sjøaureførande.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Geirangelva (098.7Z)

84,58 km2, Stranda og Norddal, SP-kat. II

Verneverdi: Vassdraget har stor variasjon, men nedre delar er noe forbygd og kanalisert. Det er også veg og bosetting i feltet. Landskapsmessig dekker elva gradienten frå bredekt høgfjell til lågland og fjord, og har eit bratt relieff. Elva har typeverdi, og delar av feltet er foreslått som landskapsvernområde. Botanisk har området stor verdi, med mange vegetasjonstypar representert. Både for kulturminne og friluftsliv er verdien svært stor. Spesielt opplevingsverdien, eit gammalt veganlegg og jakt/fiske blir nemnt. Nedbørfeltet er ein viktig innfallsport til Tafjordfjella.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Måna (103.1Z)

108,79 km2, Rauma kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Elva er lakseførande ca 8 km, og har store natur- og kulturlandskapskvalitetar. I Vp. IV-vurderinga fekk Måna svært stor verdi for vassfauna (pga. stor produksjon av laks og sjøaure samt verdifulle aurevatn i øvre delar) og stor verdi for alle andre fagfelt. Det skulle vere argumentasjon god nok for å ta Måna med i verneplanen.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Isavassdraget (103.4Z)

175,4 km2, Rauma kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Laks- og sjøaureførende, mye intakt elvenatur. Viktig friluftsområde, med godt utvikla hytte- og rutenett. Mange av sideelvene er verd å nemne spesielt, bl.a. Glutra (med sideelva Kvanndøla) samt Rønndøla.

Dokumentasjon: SP-rapport, NNV i Rauma, NJFF i Møre og Romsdal

Røa (105.1Z)

45,01km2, Molde kommune

Verneverdi: Laks- og sjøaureførande. Naturvernområde (myrreservat) i øvre del. Intakte sidevassdrag som drenerer til elva. Lite påverka av inngrep.

Dokumentasjon: NJFF Møre og Romsdal

Sylteelva (107.3Z)

48,11 km2, Fræna og Eide

Verneverdi: Laks- og sjøaureførande. Lange strekk med frodig vassdragsnatur. Også kulturlandskap langs vassdraget, industri innan nedslagsfeltet.

Dokumentasjon: NJFF i Møre og Romsdal, Fylkesmannen, mva

Sagelva (Nåsvassdraget) (108.2Z)

54,92 km2, Eide og Fræna

Verneverdi: 10 km av elva er laks- og sjøaureførande. Naturreservat (myr- og våtmark) i innløp og utløp av Nåsvatnet. Intakt vassdragsnatur. Kalksteinsbrudd i nedslagsfelt. Relativt rikt låglandsvassdrag, som er mangelvare i verneplanane.

Dokumentasjon: NJFF i Møre og Romsdal, Fylkesmannen, mva

SØR-TRØNDELAG

Svorka (121.AZ)

321,32 km2, Orkdal, Meldal, Melhus, Midtre Gauldal og Rennebu, SP-kat. I

Verneverdi: Den nedste delen er tatt inn i Svorkmo kraftverk, men over inntaksdammen er elva så godt som urørt og med mange kvalitetar som gjer denne delen svært verneverdig. Elva renn gjennom verneområde - våtmarksområde med store naturverdiar; Litjbumyrene (elvedelta inn mot Vollmovatnet) er godt kjent som eit viktig fugleområde. Stavelifossen i nedre del av elva er den største fossen i vid omkrets. Det er mange kulturhistoriske minne langs elva, både etter fløyting og store og viktige restar etter gruvedrift med slagghaugar, forbyggingar og restar etter ein gruveby og ei smeltehytte. Nedbørfeltet er også eit viktig utfartsområde.

Dokumentasjon: Vp. IV og SP-rapport, melding om utbygging

Langvella (121.CBZ)

44,47 km2, Oppdal kommune, utbyggingsplan

Verneverdi: Heilt urørt sidevassdrag til Byna. Oppdal kommune går inn for vern. Dette er den siste elva i kommunen som ikkje er påverka av utbygging. Ved Store Orkelsjøen har Trondhjems Turistfor. ei sjølvbetjent hytte, Orkelsjøhytta, og turrute frå Oppdal og opp til hytta. Det er også planar om ruter vidare over til Folldal. Vassdraget ligg i randsona til Dovrefjell, og delar av nedbørfeltet ligg innafor foreslått utviding av nasjonalparken. I feltet er det kulturminne knytt til utmarksbruk gjennom eit langt tidsrom. Delar av nedbørfeltet er leveområdet for Knutshøreinen, den genetisk sett mest ville rein vi har i Norge.

Dokumentasjon: Utbyggingsplanar hos Kraftverkene i Orkla (KVO), KU-program

Homla (123.4Z)

157,09 km2, Malvik kommune, kat. I-prosjekt

Verneverdi: OED har avvist konsesjonssøknad. Vassdraget har kvalitetar som friluftsområde, det finst viktige kulturminne langs elva, elva har gravd ut eit for området unikt gjel, vegetasjonen langs elva er rik med innslag av kystregnskog og fleire raudlistearter. I elva er det óg eit par flotte fossefall. Nedbørfeltet er nærturområde for Trondheimsregionen, og blir brukt til mange typar friluftsliv, både turprega og vassorientert.

Dokumentasjon: Vp. IV, Samla plan-rapportar, konsesjonssøknad

Garbergselva (123.B8Z)

158,02 km2, Selbu, Meråker og Stjørdal, kat. II i SP

Verneverdi: Verneverdig elv der nedre delar trulig kjem utafor den foreslåtte Roltdalen nasjonalpark. Argumenta for vern er ein variert flora, våtmark, lokalitetar for fleire sjeldne fugleartar, rike kulturverdiar og eit mye brukt friluftsområde. I Vp. IV fekk objektet stor eller svært stor verneverdi for alle fagfelt, og vart derfor foreslått verna.

Dokumentasjon: Vp. III+IV, SP-rapportar

Rotla (123.CZ)

257,35 km2, Selbu, Meråker, Tydal, SP-kat. II

Verneverdi: Stor verdi som type- og referansevassdrag, og vart i Vp. IV gitt stor eller svært stor verdi for alle fagfelt. Nedre delar vil renne nedafor foreslått Roltdalen nasjonalpark. Nedbørfeltet er ein sentral del av det mest verdifulle friluftsområdet i Selbu. Det er idéelle jaktforhold i Rotldalen statsallmenning. Om vinteren brukast området mye til skigåing. Bra mangfald av vegetasjonstypar og artar, og urskogspreg i øvre del av nedbørfeltet. Fuglar knytt til boreal barskog dominerer, og fleire trua artar er registrert. Varierte kulturminne som er knytt til utmarksbruk over eit langt tidsrom.

Dokumentasjon: SP-rapportar, Vp. IV

Hena (123.E1Z)

94,28 km2, Tydal og Holtålen, SP-kat. II

Verneverdi: Nedbørfeltet er omtrent utan inngrep. I nedre del går elva i ein sterkt nedskore dal. 2 km før utløp er ein markert terskel som danner Henfallet, fylkets største foss med fritt fall på 80-90 m. For øvrig har nedbørfeltet stor verdi for geofag (landskapet er glasialt utforma, men nordlig del er prega av fluvial erosjon) og vassfauna samt svært stor for friluftsliv.

Dokumentasjon: Vp. IV, Samla plan-rapportar

Fessdalselva (133.1Z)

37,62 km2, Rissa kommune, kat. I i Samla plan

Verneverdi: Representant for eit relativt urørt låglandsvassdrag i ein region utan andre verna vassdrag. Den vil utfylle Stjørna (sjå forslag under) i same region, sidan Stjørna i større grad er eit "fjellvassdrag". Vassdraget er representativt for dei fattigare naturtypane i Trøndelags kyststrøk. Dyrka mark, busetting og skiferbrot i nedre del, skogsbilveg og noen hytter lenger opp i nedbørfeltet. Øvre del av vassdraget er inngrepsfri sone 2 (1-3 km frå tekniske inngrep), eit mindre område er inngrepsfri sone 1 (3-5 km frå inngrep). Området er godt eigna til friluftsliv året rundt, og er lett tilgjengelig. Fessdalen er eit svært populært utgangspunkt for fjellturar, og om vinteren inngår området i eit nett av skiløyper, der Storårevatnet er eit knutepunkt. Totalt gir dette vassdraget stor verdi for friluftsliv. Storårevatnet har aure og røye av til dels god kvalitet, og det drivast både små- og storviltjakt med sal av jaktkort.

Dokumentasjon: SP-rapport

Stjørna (Nordelva) (133.3Z)

214,23 km2, Rissa, Bjugn, Åfjord og Verran, SP-kat. I

Verneverdi: Elv med rike naturkvalitetar som fleire gonger har vore trua av utbygging. Grenser opp mot verneområde. Vassdraget har sine kjelder i fjellet på grensa mellom Sør- og Nord-Trøndelag, og består her av store villmarksområde. Riksveg krysser nedbørfeltet like før utløp i Nordfjorden, elles ikkje inngrep i nedbørfeltet. Type- og referanseverdi. Regionen har ikkje verna vassdrag frå før.

Dokumentasjon: Lokale vernegrupper, SP-rapportar

NORD-TRØNDELAG

Verdalsvassdraget (127.Z)

1471,8 km2, Verdal, Levanger og Meråker, SP-kat. I

Verneverdi: Delar av vassdraget er forbygd, men store areal er urørt av tekniske inngrep. Nedbørfeltet har svært stor verneverdi for alle fagfelt, og har stor variasjon i naturtypar og landskapsformer. Geofaglig har vassdraget store lausmasseavsetningar og eit rikhaldig utval av interessante former. Botanisk finst fleire lokalitetar av rik sumpvegetasjon, elvekantskog av gråor-hegg, kalkfuruskog og tindvedkratt ved utløpet på Ørin. Landskapsvariasjonen bidrar til ein svært artsrik fuglefauna med mange trua artar. Verdalselva er ei god lakseelv med bra bestandar av aure og røye, og med ein rik ferskvassfauna. Vassdraget har stor typeverdi. Kulturminna viser stor variasjon, og minne knytt til Olav den Hellige/slaget på Stiklestad har nasjonal verdi. Nedbørfeltet gir også store muligheiter for eit allsidig friluftsliv.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Figga (128.3Z)

283,18 km2, Steinkjer og Verdal

Verneverdi: Foreslått av regjeringa som nasjonalt laksevassdrag, og er prioritert for rotenonbehandling for å bli kvitt Gyro. Lakseførande strekning er på 26 km. Nedbørfeltet er prega av eit aktivt kulturlandskap, og Figga er eit låglandsvassdrag det ikkje er mange av i verneplanen. Har mindre forbyggingar, elles ikkje tekniske inngrep.

Dokumentasjon: Høring nasjonale laksevassdrag

Neselva (Nesåa) (139.CZ)

273,43 km2, Grong og Røyrvik, SP-kat. I+II

Verneverdi: Det største gjenverande urørte fjellområdet i Grong, og eit av dei største og siste områda med inngrepsfri natur. Det sentrale villmarksområdet blir redusert med 40%, frå 181 til 111 km2, ved utbygging. Kommunen har mange gongar gått inn for vern. Nedre delar av Neselva er viktig oppvekstområde for laks i Namsen. Innlandsfiskebestanden er også god. Fylkeskommunen ba i ’95 om at utbyggar la søknaden på is.

Dokumentasjon: SP-kat I +II, Nesåas Venner

Grana/Storåselva (128.E-G)

Ca. 115 km2, Snåsa kommune, SP-prosjekt til vurdering

Verneverdi: Storåselva er ei urørt sideelv til Snåsavassdraget. Det grenser opp mot og ligg delvis innafor den planlagt utvida Gressåmoen nasjonalpark, og er ein viktig innfallsport til villmarksområde og nasjonalpark. Nedbørfeltet omfatter store område med villmark/urørt natur. I nedre del av vassdraget er Gravbrøtfossen eit spektakulært syn, ein svært vakker foss med stor inntrykksstyrke, lett tilgjengelig og synlig. Elva danner her eit gjel som er eit verdifullt naturområde, og som forringast kraftig ved utbygging.

Dokumentasjon: Vassdragsrapport i samband med SP-vurdering

Jørstadelva (128.CZ)

269,36 km2, Snåsa kommune

Verneverdi: Vassdraget har utløp i austenden av Snåsavatnet, og er i stor grad urørt. Særlig nedre el har svært stor verneverdi, med eit aktivt meandrerande løp (3 km) og eit delta som er av dei to mest verneverdige i Nord-Trøndelag. I tillegg er det ei lang samanhengande sandstrand nord for elveløpet. Flora og fauna i nedre del av elva/deltaet er artsrik og med sjeldne innslag. Tett kantvegetasjon er bevart langs elva. Jørstadelva er viktigaste gyteområde for storauren i Snåsavatnet (av Midt-Norges beste storaurebestandar). Øvre delar inngår i den planlagte nasjonalparken Verdal-Lierne.

Dokumentasjon: Vannbruksplan Snåsavassdraget, DNs elvedeltabase

Oksdøla (138.3Z)

83,11 km2, Namdalseid kommune

Verneverdi: Relativt lite kystvassdrag med utløp i Namsfjorden vest for Namsos, flomelv. Oksdøla er eit godt smålaksvassdrag, og det går også sjøaure i elva. Det er veg og busetting langs nedre del av vassdraget, øvre delar er urørt.

Dokumentasjon: Fylkesmannen i N-T, mva

Storelva (Jøssund) (137.5Z)

79,34 km2, Flatanger og Namdalseid

Verneverdi: Elva har eit verdifullt deltaområde, og den er laks- og sjøaureførande i 1 km. Nedre del har delvis intakt kantskog. Nedbørfeltet har veg og busetting i nedre del, mens dei øvre delane er heilt urørt.

Dokumentasjon: DNs elvedeltabase

Havdalselva (307.7Z)

122,09 km2, Lierne kommune, kraftprosjekt utanom SP

Verneverdi: Havdalselva er grensevassdrag mot Sverige, og har utløp i Kvarnbergsvattnet på svensk side. Nedbørfeltet er i all hovudsak urørt av tekniske inngrep, men ein mindre veg krysser utløpet og ein annan går delvis innom ei sidegrein av vassdraget. Elva har eit variert og spennande løp, og går delvis i gjel, fossar og stryk.

Dokumentasjon: Utbyggingssøknad, Fylkesmannen i N-T, mva.

NORDLAND

Fylket er dårlig representert på verneplanen tidligare. Derfor foreslår vi relativt mange vassdrag frå dette fylket, med særlig vekt på type- og referanseverdi.

Urvollelva (144.5Z)

63,03 km2, Bindal kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Vassdraget har type- og referanseverdi og stor variasjon i vegetasjonstypar. Alle tre artar av anadrom fisk finst i elva. Sjørøyestamma, Norges sørligaste, er spesielt verneverdig. Kulturminna går tilbake til steinalderen, og viser ulike etniske gruppers tilpassing.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Vefsna (151.Z)

4122,24 km2, Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Brønnøy og Bindal

Verneverdi: Enkelte delar av nedbørfeltet (Svenningdalselva og øvre del av store Fiplingdalselv) er verna, men dette sikrer verken den store natur- og kulturfaglige variasjonen eller type- og referanseverdien. Heile nedbørfeltet må inn i verneplanen. For alle fagfelt har Vefsna svært stor verdi. Også nedstrøms Trofors er det store verneverdiar, særlig for laks.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Messingåga (156.F1Z)

50,67 km2, Rana kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Messingåga er eit urørt sidevassdrag til Ranaelva med utløp ved Bjøllånes. Det er eit regionalt viktig naturområde. Lågurtbjørkeskog er vanligaste skogtype langs elva, med høgstauder innimellom. Terrenget er svært godt eigna for ski- og turgåing, og er attraktivt for jakt og fiske. Dalen er eit viktig sommarbeiteområde for elg, og jerv har fast tilhald. Kjerringvatnet har røye (god bestand) og aure av fin kvalitet.

Dokumentasjon: SP-rapport, NNV i Nordland

Jordbekken m/Jordbekkvatnan (156.GAO)

Ca. 10 km2, Rana kommune, SP-kat. I

Verneverdi: Sidevassdrag til Virvasselva frå vest. Dominert av fleire større vatn, Jordbekkvatnan. Elva går deretter bratt ned mot Virvasselva, og delvis underjordisk (ca. 1 km) før utløp. Området er prega av urørt natur, og dette er eit uregulert sidevassdrag til den utbygde Virvasselva. Nedbørfeltet er del av eit regionalt viktig frilufts- og naturområde, spesielt høgfjellsplatået. Landskapet er særprega langs dei oppflika Jordbekkvatnan med flate strender, jordbruer og karstformer. Både fattige og rike myrer er registrert. Terrenget er svært godt eigna for ski- og turgåing, og brukast også mye til jakt og fiske. Jerv har tilhald, og har fast trekkrute over Jordbekkvatnan. Også fjellrev blir jamnlig observert. Jordbekkvatnan er også viktige for våtmarksfugl, med til dels sjeldne andeartar og mange vadarartar. Vatna har også aure av svært god kvalitet.

Dokumentasjon: SP-rapport, NNV i Nordland

Elv fra Silavatnet (Silavassdraget) (157.52Z)

16,81 km2, Rana og Lurøy

Verneverdi: Elva har verdi som type- og referansevassdrag, og vil vere eit godt supplement til Helgåga. Laks, sjørøye og sjøaure går 5,5 km opp i elva. I Silavatnet er det stasjonær røye og aure. Nedbørfeltet er godt eigna for vassbasert aktivitet (båtliv, sportsfiske). Nedbørfeltet er haust- og vårbeite for rein samt trekkleier.

Dokumentasjon: Vp. IV

Kjerringåga (157.6Z)

22,9 km2, Lurøy og Rødøy, SP-kat. II+I

Verneverdi: Vassdraget er del av eit større, urørt område rundt Gjervalen der indre delar har kvalifisert villmark. Kjerringåga har typeverdi for den artsrike og frodige vassdragsnaturen på Helgeland. Botanisk er nedbørfeltet svært artsrikt, med mange artar som er sjeldne for regionen. Det går opp noe laks og sjøaure nedst i elva; for øvrig er dette eit av fylkets få reine aurevassdrag.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Sørfjordelva (159.211Z)

Ca. 10 km2, Rødøy og Rana, SP-kat. I

Verneverdi: Vassdraget hører til det same urørte området rundt Gjervalen som Kjerringåga. Kraftlinje krysser vassdraget, elles er nedbørfeltet utan tekniske inngrep og har derfor referanseverdi.

Dokumentasjon: SP-rapport, melding kraftutbygging

Vassvikelva og Mangåga (159.211)

11 og 4,5 km2, Rødøy kommune, utbyggingsprosjekt

Verneverdi: Hører til same urørte område som Kjerringåga og Sørfjordelva, og har utløp lenger inn (aust i Gjervalen enn Sørfjordelva). Bortsett frå kraftlinje som krysser elvene, er dei utan tekniske inngrep.

Dokumentasjon: SP-rapport, melding kraftutbygging

Oldervikelva (159.2Z)

14,97 km2, Rødøy kommune, kraftprosjekt

Verneverdi: Hører til same urørte område som objekta over. Veg og kraftlinje krysser nedbørfeltet ved utløp, elles ingen tekniske inngrep, og vassdraget har derfor referanseverdi. Ved utbygging vil både villmark og inngrepsfri sone 1 og 2 gå tapt.

Dokumentasjon: SP-rapport, melding kraftutbygging

Hyttelva, Sleåga, Sandvikelva, Komagåga (159.31/159.32)

4,3 km2, 7 km2, 9 km2 og 8 km2, Rødøy kommune, utbyggingsprosjekt

Verneverdi: Hører til same urørte område som vassdraga over, og har utløp i Melfjorden frå sør. Villmarksområdet ligg inntil Sandvikvatnan og øvre Komagvatnet. Kraftlinje krysser nedbørfelta, elles ingen tekniske inngrep=referanseverdi.

Dokumentasjon: SP-rapport, melding kraftutbygging

Vassdrag på Saltfjellet

Dette er behandla under eitt, fordi regjeringas konsesjonsavslag bør føre til at alle nedbørfelt som var omfatta av utbyggingsplanane, nå går inn i verneplanen. I tillegg foreslår vi ytterligare eit objekt, nemlig Leiråga i Rana, som har avløp inn i Langvatnet frå vest, og dermed er viktig for å oppretthalde prosessane i Langvassdeltaet (som er ein viktig grunn til å verne bl.a. Glomdalselva, jfr. Verneplan III).

A) Melfjord

Storvasselva (159.3Z)

53,71 km2, Rødøy og Rana, kons.søknad avslått

Glomdalselva (156.CDZ)

119,69 km2, Rana og Rødøy, kons.søknad avslått

Leiråga (156.CCAZ)

46,05 km2, Rana kommune, uregulert

B) Bjøllåga

Bjøllåga (156.FZ)

375,6 km2, Rana, Saltdal, Beiarn, kons.søknad avslått

Tespa (156.EAZ)

143,82 km2, Rana kommune, kons.søknad avslått

C) Beiarn

Tollåga (161.CZ)

232,61 km2, Beiarn og Rana

Tverråga (161.EZ)

54,57 km2, Beiarn kommune, kons.søknad avslått

Store Gjeddåga (161.BZ)

41,25 km2, Beiarn kommune, kons.søknad avslått

Reipåga (160.43Z)

33,23 km2, Meløy og Gildeskål

Verneverdi: Elva har ein laks-, sjøaure- og sjørøyeførande strekning på 10 km. I tillegg er det brukbare bestandar av stasjonær sjørøye og -aure i dei større vatna. Kulturminna viser samisk og norsk ressursutnytting over eit langt tidsrom, og har svært stor verdi.

Dokumentasjon: Vp. IV

Lakselva (162.7Z)

186,05 km2, Skjerstad, Beiarn og Saltdal, SP-kat. II

Verneverdi: Vassdraget har svært stor verdi for landfauna, kulturminne og friluftsliv, og stor verdi for geofag, botanikk og vassfauna samt er eit svært godt eigna typevassdrag. Fleire delområde er verna etter naturvernloven. I nedbørfeltet er det godt utvikla fluviale akkumulasjonssystem, område med ein viktig hekke- og furasjeringsfunksjon for våtmarksfugl. Laks og sjøaure går 11 km opp i elva, og fleire vatn har svært god aurekvalitet. Eit vern vil supplere Saltfj-Svartisen nasj.park.

Dokumentasjon: Vp. IV

Saksenvikelva (163.5Z)

67,24 km2, Saltdal og Fauske, SP-kat. II

Verneverdi: Nedbørfeltet er nesten utan inngrep, og vassdraget har type- og referanseverdi. For øvrig er verneverdien stor for botanikk (rike myrer, rik lauvskog, høgstaudebjørkeskog), kulturminne (samisk og norsk ressursutnytting over lange tidsrom) og friluftsliv (øvre delar eigner seg godt for turar sommar og vinter samt jakt og fiske).

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Trollelva (167.7Z)

12,12 km2, Sørfold kommune

Verneverdi: Vassdraget er heilt urørt av tekniske inngrep, men har for øvrig liten-middels verneverdi for dei fleste fagfelt. Landskapet er vilt og fascinerande, og byr på spesielle naturopplevingar. Spørsmålet her blir kor stor vekt ein skal legge på urørtheit.

Dokumentasjon: Vp. IV

Forselva (170.2Z)

32,64 km2, Steigen og Hamarøy, SP-kat. I

Verneverdi: Nedre del av elva har sjøaure og laks. Vassdraget er i stor grad urørt, og indre delar har både villmark og inngrepsfri natur. Ved evt. utbygging blir desse areala redusert med respektive 3 og 7 km2. Området har stor friluftslivsbruk, men har ikkje merka stiar eller løyper. Forsanvatn ligg sentralt i vassdraget i eit ope dalrom, og etter utløp har elva karakteristiske fossar. I Forsanvatn blir det også dreve garnfiske på aure. Fuglefaunaen er relativt rik, med raudstilk, fossekall og strandsnipe som hekkande våtmarksartar. Nedre del av feltet har frodig bjørke- og gråorskog, og her er det også fluviale avsetningar. Nedbørfeltet har verdifulle samiske kulturminne. Forselva er i dag regionens einaste urørte høgfjellsvassdrag.

Dokumentasjon: SP-rapport, konsesjonssøknad

Forsåelva (171.1Z)

33,08 km2, Tysfjord og Hamarøy, SP-kat. II

Verneverdi: Nedbørfeltet har ingen tekniske inngrep, berre enkelte hytter ved Kilvatnet og Forsålitlvatnet samt ein kjerreveg opp til Kilvatnet. Forsåelva har type- og referanseverdi. Objektet har bra med våtmarksfugl, spesielt ved Kilvatnet. I elva er det gode gyte- og oppvekstforhold for anadrom fisk, som kan vandre opp 4,5 km (laks og sjøaure). I vatna finst røye og aure. Området er lett tilgjengelig, og er eit viktig nærturområde for ulike aktivitetar, både vassbaserte og fot/skiturar og jakt.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Vasjaelva (i Hellemobotn) (171.3Z)

39,6 km2, Tysfjord kommune, SP-kat. II

Verneverdi: I Vp. IV vart vassdrag til Hellemofjord vurdert samla. Stabburselva vart verna og Vasjaelva unntatt frå vernet pga kraftutbyggingsplanar. Vassdraget er karakterisert av at innsjøar på rekke og rad, atskilt ved korte elvestubbar, fyller opp den vide og flate dalbotnen. Berggrunnen i Vasjaelva er forskjellig frå Stabburselvas, og vern av Vasja gjer at overgangen frå tungt forvitrelig Tysfjordgranitt til meir skifrige og næringsrike bergartar i vest blir sikra. Også vegetasjonen reflekterer denne forskjellen i berggrunn ved at Vasjas nedbøfelt har rikare utforming med bjørkeskog av storbregne-, lågurt- og høgstaudetypen. Vasja er urørt av tekniske inngrep og har stor type- og referanseverdi. Frå Hellemobotn er det ein godt merka sti opp langs vassdraget og over til stinettet på svensk side. Det er planar om nasjonalpark her, noe som evt. vil gi samanheng med nasjonalpark på svensk side og supplere den med eit kystnært område.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Sneiselva (177.73Z)

30,39 km2, Lødingen kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Vassdraget har ikkje tekniske inngrep, bortsett frå riksveg ved utløpet og traktorveg til Sneisvatnet. Det har typeverdi for fattige og lågproduktive naturtypar i området. Sneieselva er hovudsaklig eit sjørøye- og sjøaurevassdrag, men også noe laks går opp i elva. Landskapet er variert og har stort opplevingspotensial. Området har god tilgang, og er dagsturområde for folk lokalt til alle typar tradisjonelt friluftsliv. Ved behandling av Vp. IV ønskte både kommunen og fylkeskommunen vern.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapportar

Bresjaelva (177.8Z)

21,09 km2, Lødingen kommune, SP-kat. II

Verneverdi: Utgjer saman med Sneiselva eit heilskaplig område som både kommune og fylkeskommune ønskte vern av i samband med Vp. IV. Ferskvassbiologisk har nedbørfeltet svært stor verneverdi, og representerer saman med Sneiselva fattige og lågproproduktive naturtypar i området. duktive naturtypar i området.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-rapport

Elv fra Farstadvatnet (Farstadvassdraget) (180.4Z)

45,2 km2, Vestvågøy kommune

Verneverdi: Nedbørfeltet er i stor grad kulturmark, og har også ein del busetting og vegar. Vassdraget har ein lakseførande strekning på 12 km, og bestand av aure og røye i vatna. Fuglefaunaen er svært artsrik, med alle hovudgrupper (minus lom) representert. Kulturminna er varierte og dekker eit langt tidsrom. Funn av ein høvdinggard frå yngre jernalder er unik i Norden. Heile nedbørfeltet er lett tilgjengelig, og er eit nær- og dagsturområde.Alle vanlige friluftsaktivitetar blir utøvd.

Dokumentasjon: Vp. IV

Nykvågvassdraget (185.71Z)

10,6 km2, Bø kommune

Verneverdi: Vassdraget har vore brukt i eit havbeiteprosjekt. Dersom dette prosjektet er avslutta, og prosjektet ikkje har verka negativt inn på vassystemet, er objektet aktuelt i ein verneplan. Dette må undersøkast. Geofaglig har nedbørfeltet svært stor verneverdi, med mange interessante kvartærgeologiske avsetningar (ende-, rand- og midtmorener samt strandvollar, rasvifter osv.). For botanikk og landfauna er verneverdien stor, og vassdraget har typeverdi for ytre strøk av Vesterålen.

Dokumentasjon: Vp. IV, havbeiteprosjektet

Melaelva (186.51Z)

16,83 km2, Andøy kommune

Verneverdi: Vassdraget er eit godt supplement til nabovassdraget Åelva i aust, spesielt ferskvassmessig. Nedbørfeltet er i stor grad urørt, og har stor typeverdi (dekker Andøyas myr- og fjellandskap). Dei fleste gruppene av våtmarksfugl er representert, og med mange artar. Viktigaste funksjon er for hekkande og rastande fugl. Anadrom fisk (mest sjøaure, men også laks) går 8 km opp i vassdraget. Området har også interessante kulturminne knytt til norsk og samisk kultur. Nedbørfeltet er attraktivt for friluftsliv, og er eit regionalt viktig vinterutfartsområde. Også bruken til fiske er stor.

Dokumentasjon: Vp. IV

TROMS OG FINNMARK

Troms og Finnmark er godt representert på verneplanen frå før, og vi foreslår derfor berre to suppleringar for desse to fylka.

Rakkfjordelva (197.1Z)

23,05 km2, Tromsø kommune

Verneverdi: Nedbørfeltet har få tekniske inngrep, og er typisk for skogfattige kystvassdrag i Troms (som nesten ikkje er representert i verneplanen). Vassdraget har stor verneverdi for alle naturfaglige disiplinar. Spesielt bør verdifulle myrområde nemnast. Fuglefaunaen er artsrik, spesielt innan våtmarksfugl. Ferskvassfaunaen har innslag av sjeldne artar. Vassdraget har oppgang av både laks, sjørøye og sjøaure. Rakkfjordvatnet har god aurebestand.

Dokumentasjon: Vp. IV

Skillefjordelva (213.2Z)

94,14 km2, Alta og Kvalsund, SP-kat. II

Verneverdi: Nedbørfeltet er praktisk talt utan tekniske inngrep, og er eigna som referansevassdrag. Det har også typeverdi. Vassdraget er rekna som ei av Finnmarks beste sjøaureelver, og det blir også tatt noe laks. Kulturminna er varierte etter mangesidig samisk bruk over eit langt tidsrom. Nedbørfeltet er ein del av eit større samanhengande natur- og friluftsområde med store opplevingskvalitetar. Jakt/fiske er største aktivitet.

Dokumentasjon: Vp. IV, SP-kat. II

Med vennlig helsing

 

Jan Olav Nybo

SRN-sekretær