
I løpet av
sommaren 2003 er 36 elveosar på strekninga Egersund til Stadt
undersøkt fire gonger (i veke 22, 24, 26 og 29). Ved
undersøkingane har vi ved hjelp av elektrisk fiskeapparat fanga
sjøaure som har returnert til ferskvatn grunna høge infeksjonar
av lakselus. Infeksjonane blir registrert og sjøaurane blir
sleppt ut at i elva etter at dei er undersøkt. Undersøkingar
etter same mønsteret er utført i Rogaland og Hordaland sidan
1998, og i Sogn & Fjordane sidan 1999. Nokre område i
Hordaland (Hardangerfjorden og Sotra) er undersøkt sidan 1992.
To lokalitetar nord i Vest-Agder vart undersøkt i 2002, men
fylkesmannen i Vest-Agder har valt å ikkje vidareføre
undersøkingane.
Målet med
undersøkingane er å overvake lakselusinfeksjonar på sjøaure i
ulike regionar på Vestlandet. Dette er viktig blant anna for å
kunne vurdere effekten av lakselusinfeksjonane på bestandar av
vill laks og sjøaure, og vurdere effekten av tiltak som er sett
i verk mot lakselusa.
Dette notatet er
ei kort orientering om årets undersøkingar, endeleg rapport vil
vere klar i desember 2003.
Ei kort
historisk oppsummering
Lakselusa er ein
naturleg parasitt på laks og sjøaure, og dette parasitt-vert
tilhøvet har eksistert i lang tid. Etableringa av oppdrett av
laksefisk i sjøen langs norskekysten har i løpet av dei siste
15 åra ført til ei sterk auke i antal vertar for lakselusa og
har endra den opprinnelege balansen mellom parasitt og vert. I
Hordaland er antalet vertar for lakselus no meir enn 600 gonger
høgre enn det naturlege nivået. I følgje generell
epidemiologisk teori er det derfor ikkje uventa at villsmolt av
laks og aure, i meir enn ti år, har vorte infisert med unaturleg
høge mengder lakselus i område med høg oppdrettsaktivitet
(sjå Bjørn mfl. 2003 eller Kålås & Urdal 2003).
Infeksjonane var på sitt høgaste, og infeksjonstidspunktet på
sitt tidlegaste midt på 1990-talet fram til 1997. Etter dette
har infeksjonane vore lågare og infeksjonstidspunktet noko
seinare. Denne endringa i lakselusinfeksjonane fell i tid saman
med at veterinærmyndigheitene sette lågare grenser for kor
høge lakselusinfeksjonar ein kan ha i oppdrettsanlegg før ein
må avluse. Frå 1998 er grensa sett til 0,5 kjønnsmogne
lakselus per fisk. Samtidig er det sett i gang vinteravlusingar,
og oppdrettssmolten blir i stor grad fora med middel som
beskytter den mot lakselus i ein periode etter utsetjing. Ein
teoretisk modell viser at dei reduserte grensene skal ha redusert
mengda lakselus i sjøen til det nivået vi hadde rundt 1990
(Heuch & Mo 2001). Våre undersøkingar på Vestlandet i 2001
og 2002 påviste dei lågaste infeksjonane som er registrert dei
siste ti åra, og infeksjonstidspunkta var relativt seine.
Lakselusinfeksjonane på vill aure var likevel framleis langt
høgre enn det som er naturleg, og i nokre regionar så høge at
naturlege bestandar av laks og sjøaure var sterkt trua.
Konklusjonar
Sommaren 2003 var
infeksjonane av lakselus på sjøaure på Vestlandet generelt av
dei lågaste vi har sett etter at det vart sett i gang
undersøkingar. Nokre regionar skil seg likevel ut i negativ
retning.
Dette gjeld i
hovudsak midtre Hardangerfjorden der infeksjonane av
lakselus på sjøaure har vore høge i alle fall sidan 1992.
Ville bestandar av laks og sjøaure i denne regionen har dei
siste ti åra sannsynlegvis opplevd den sterkaste belastninga av
lakselus som nokon sinne har førekomme i noko havområde. Dette
er også den einaste regionen der det er påvist at
gytefiskbestanden i enkeltelvar er så fåtallig at
produksjonspotensialet i elva ikkje er utnytta (Kålås &
Urdal 2000, Kålås 2002). Anadrom laksefisk har eit svært høgt
reproduksjonspotensiale, og talet på gytefisk må være svært
lågt før ein kan måle effekten på rekrutteringa i elv.
Anadrome laksefiskbestandar i elvar innanfor Onarheimsfjorden er
sterkt truga, og vil verte sterkt skadd eller tapt i løpet av
kort tid dersom ein ikkje klarar å redusere infeksjonstrykket
på utvandrande smolt frå elvar som renn ut i fjorden, eller set
i verk andre spesielle tiltak som vil beskytte bestandane.
I Sognefjorden og
Sunnfjord er infeksjonane også moderat høge og større mengder
lakselusskadd aure vart observert i elveosane. Det er sannsynleg
at bestandar av anadrom laksefisk er negativt påverka av
lakselusinfeksjonane. Tilstanden er likevel ikkje så alvorleg
som i Hardangerfjorden, sidan infeksjonane ikkje har vore så
sterke over så lang tid. Infeksjonane i Sognefjorden ser
dessutan ut til å ha komme relativt seint sommaren 2003, noko
som aukar sjansane for at laksesmolten har komme seg ut utan å
verte skadd.
I Ryfylke og
Nordfjord var infeksjonane så låge og seine at vi reknar med
relativt liten skade på vill laks og sjøaure. Vi presiserer at
våre antakelsar om lagnaden til laksesmolten baserer seg på
erfaringar frå auresmolt og ikkje på direkte observasjonar av
laksen.
Målsetjinga med
vinteravlusinga er å skape eit vindauge om våren
som laksesmolten kan sleppe ut gjennom og dette ser ut til å ha
ført fram i mange av regionane på Vestlandet dette året. Med
dei middel og metodar som no vert nytta ved avlusing er det lite
truleg at tilstanden for vill aure vil verte betre enn det vi ser
denne sommaren.
Sjølv om
tilstanden er mange stader er relativt god sommaren 2003, er
lakselusinfeksjonane langt høgre enn det som er naturleg, og
mange lakse- og sjøaurebestandar er negativt påverka av denne
situasjonen. Berre i dei undersøkte områda på Jæren, der det
ikkje er oppdrettsaktivitet, er tilstanden slik vi ventar at
naturtilstanden skal vere. Først om ein får middel som gjer
oppdrettslaksen ueigna som vertskap for lakselusa, vil ein komme
attende til ein tilstand med naturlege infeksjonar av lakselus
på vill laksefisk i område med høg oppdrettsaktivitet.
Intensiteten
til infeksjonane
Median intensitet
til lakselusinfeksjonane sommaren 2003 var frå 15 til 80
lakselus per fisk ved ulike tidspunkt i ulike regionar, med det
vart funne enkeltfisk med infeksjonar på opp til 350 lakselus.
Dei høgaste gjennomsnittsinfeksjonane sommaren 2003 fann vi i Hardangerfjorden
og Sunnfjord i veke 24 og i Sognefjorden i veke 26,
med medianverdiar på rundt 80.
Berekna
infeksjonstidspunkt
Ved den første
undersøkinga i veke 22 vart det funne ein del tilbakevandra ein-
eller fleirsjøsomrige aure som hadde halde seg i sjøen gjennom
vinteren eller vandra tidleg ut or elva etter vinter. Desse hadde
i løpet av våren samla så store mengder lus at dei hadde
vandra attende til ferskvatn. Hovudmengda av desse fiskane vart
funne i elvane på Sotra, der det stod tett med slik fisk.
Hovudoppvandringa
av lakselusinfisert aure av årets smolt kom dei fleste stader i
veke 24, men litt seinare i Ryfylke og Sognefjorden. Dette er
relativt seint og omlag som i 2002 for dei fleste regionane. Ut
frå fordelinga av larvestadier på sjøauresmolten då vi fanga
den, berekna vi at fiskane først hadde vorte infisert i veke 21
og 22 (slutten av mai).
Anslag for
omfanget til infeksjonane ut frå observasjonar av infisert fisk
Generelt vart det
i elvar og elveosar vi undersøkte, observert omlag like store
mengder lakselusinfisert aure som i 2001 og 2002, men mengdene
var små samanlikna med det vi observerte i Hordaland i perioden
1992-1998. Ein region skil seg likevel ut i negativ retning.
Dette er Hardangerfjorden der det igjen stod store mengder
lakselusskadd sjøaure og vaka i mange elveosar. Dette var eit
vanleg syn på nittitalet, men dei to siste åra har tilstanden
vore langt betre. Observasjonar av flak med lakselusskadd aure i
elveosane til mellom anna Bondhuselva og Granvinelva i veke 24
tyder på ei forverring av tilhøva for anadrom laksefisk med
omsyn på lakselus sommaren 2003.
Dei to andre
regionane der det vart observert noko mengder lakselusskadd aure
var Sotra og Sognefjorden.
Vurdering av
dei ulike regionane
På Jæren og i
Dalane vart det, som dei føregåande åra, knapt funne
lakselusinfisert aure. Mengdene av aure som kjem tilbake til elv
med infeksjonar og infeksjonsintensiteten var slik som i andre
område der det ikkje er fiskeoppdrett. Tilstanden her er derfor
høgst sannsynleg slik som ein skal vente at den var på heile
Norskekysten før lakseoppdrett vart etablert.
I Nordfjord
og på Stad vart det funne små mengde med aure som hadde
returnert til ferskvatn grunna infeksjonar. I Ryfylke og Masfjorden
var det funne noko sjøaure som hadde returnert til ferskvatn
grunna moderate lakselusinfeksjonar, men mengda var liten og
infeksjonane var moderate. Tilstanden her såg ut til å vere
betre enn dei to føregåande åra.
I elvane vi
undersøkte i regionane Sunnfjord, Sognefjorden, Herdlafjorden
og Bjørnefjorden var tilstanden med omsyn på
infeksjonsstyrke og mengde aure som hadde returnert omlag som dei
to føregåande åra. Infeksjonane var altså relativt låge
samanlikna med dei verste åra, men likevel høgre enn det som
ein kan rekne som naturtilstanden.
I elvane i Hardanger
og på Sotra vart det funne meir skadd fisk med høgre
infeksjonar enn dei føregåande åra. Her er det heit klart ei
forverring av tilstanden, men infeksjonsstyrke og mengde skadd
fisk i elveosane var likevel langt frå så høge som dei verste
åra på midten av nittitalet.
Steinar Kålås
Bergen 14. august 2003
Rådgivende
Biologer as
LITTERATUR
Kålås, S. &
K. Urdal. 2003. Overvaking av lakselusinfeksjonar på
tilbakevandra sjøaure I Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn
& Fjordane sommaren 2002. Rådgivende Biologer, rapport 631,
39 s.
Heuch, P. A. &
T. A. Mo. 2001. A model of salmon louse production in Norway:
Effects if increasing salmon production and public management
measures. Deseases of Aquatic Organisms, 45: 145-152.
Bjørn, P.A., B.
Finstad & R. Kristoffersen. 2003. Registreringar av lakselus
på laks, sjøørret og sjørøye. NINA oppdragsmelding 789, 43
s.