
Fiskeklubbtur til Altaneset 29.08.04.
Sundag arrangerte Fusa JFL fiskeklubb-tur til Altaneset, laget sto for båtskyss til den veglause idyllen. Veret var nokså bra men mykje regn dagen før, samt dårlege meldingar fekk vel enkelte til å halda seg heime denne dagen. Det kan dei berre angra på, for dei 26 personane som deltok såg ut til å kose seg storleg. Først vart bålet tent og fiskekonkurransen starta, deretter var det grilling og skyting med luftgevær på blekkboks og sjølvanvisar. Innslag med skyting ser ut til å vera svært populert i alle aldersgrupper. Til slutt var det registrering av fangsten og premiering i fylgjande klassar: - Tyngst fisk, - Lengst fisk, - Minste fisk, - Flest fisk og styggaste fisk! Den siste klassen vart avgjort ved avstemming. Ellers var det premiar til alle deltakarar. Totalt fekk me 23 fiskar fordelt mellom Lyr, Makrell, Horngjel, Berggylt og Sei. Biletet viser frå venstre; Torbjørn Fosså med lengste fisk, ein horngjel på 72 cm. Steffen Rød med tyngste fisk, lyr på 1,9 kg. Vegard Fosså med minste fisk, berggylt på 29 cm. Tomas Sandvik med flest fisk, 6 stk. Og Emilie Rød, ho fekk ein berggylt som var så stygg at ho ikkje ville halda han! Og på vegen heim var alle samde om at det hadde vore ein fin tur !
Helsing Fusa JFL v/ Jan-Ottar Fosså


