
|

Pressemelding
Ope informasjonsmøte om Vaksdalsvassdraget si
framtid,
onsdag 15. september kl 18-20 i Korpshuset til
Vaksdal Røde Kors, Vaksdal
I samband med at Direktoratet for
Naturforvalting (DN) har sendt Samla Plan ut på høyring, der
Vaksdalsvassdraget er eit av dei utgreia prosjekta, inviterer
Bevaring av Vaksdalsvassdraget (BaV) til ope
informasjonsmøte.
I utkastet til Samla Plan vert det opna for å
søkja konsesjon for overføring av Vaksdalsvsassdraget til
Samnanger.
Med på møtet vert m.a. representantar frå
Fylkesmannen si Miljøvernavdeling, som vil orientera om
prosessen vidare og gjera greie for bakgrunnen for at
Vaksdalsvassdraget har fått den status det har i planen.
Bevaring av Vaksdalsvassdraget er skuffa over
plasseringa Vaksdalsvassdraget har fått, sett i samanheng med at
det i planen vert slått fast at utbygginga medfører store
negative konsekvensar m.a. for friluftslivet.
Ei eventuell utbygging medfører mellom anna:
· Sterkt redusert vassføring i mange
større og mindre elver, blant anna Sedalselva og Vaksdalselva,
samt fossen som renn frå Fossevatn
· Anleggsarbeid i fjellvatna, som Vaksdal
fiskarlag har lagt ned eit stort arbeid i for å tilretteleggja
for gratis fiske
· Bygging av to nye betongdemningar
· Bygging av fleire vasstunnelar
· Steinfyllingar utplassert i området
· At den potensielle grunnvasskjelda i
Sedalen vert delvis øydelagd
· Bygging av fem kilomter anleggsveg,
mellom anna over det populære familieutfartsområdet Lonastølen
· Bygging av midlertideg høgspentline i
området
BaV vil freista å hindra at det vert opna for
å overføra vassdraget til Samnanger, og i den samanheng er det
særs viktig kva kommunestyret i Vaksdal uttalar om
utbyggingsplanane.
BaV har spesielt invitert dei folkevalde i
Vaksdal til å delta på det opne informasjonsmøtet.
Vaksdal kommunestyre er bedt om å koma med
uttale i samband med høyringa.
Fallrettane i Vaksdalsvassdraget er nyleg selde
frå Vaksdal Industrier til Grønn Kraft, og under møtet vil det
også verta orientert om korleis salet påverkar
konsesjonshandsaminga.
Bevaring av Vaksdalsvassdraget har lagt ut to
eksemplar av høyringsutkastet på Hjelle sin kafé på Vaksdal
Senter, slik at interesserte kan setja seg inn i planen før
møtet.
Me presiserer at møtet er ope for alle
interesserte, uavhengig av om ein er medlem i Bav eller ikkje,
eller kva syn ein har på utbyggingsplanane.
|