Direktoratet for naturforvaltning

Tungasletta 2

7485 TRONDHEIM                                                                                                            29.10.04

 

 

Ferdigstilling av ordningen med nasjonale laksevassdrag og laksefjorder - uttale frå fagråd for anadrom laksefisk i Vossavassdraget

Fagrådet for anadrom laksefisk i Vossavassdraget gjorde i møte 13. oktober eit vedtak om å gje ein uttale i samband med ferdigstilling av ordninga om nasjonale laksevassdrag og laksefjorder. Ein viktig grunn til dette er for å informere om den positive utviklinga som har vore i Vossavassdraget dei siste 2-3 åra.

Først vil ein understreke dei viktige faglege argumenta som allereie ligg til grunn for at Vossavassdraget bør med som nasjonalt laksevassdrag:

Vossolaksen er ein storlaksstamme som representerer eit ytterpunkt i det genetiske mangfaldet

-         Gjennomsnittsvekter på 10-12 kg var vanleg heilt fram til bestandsnedgangen rundt 19901

-         Unik i verdssamanheng og har internasjonal verneverdi

Vossolaksen har eit stort produksjonspotensiale

- I perioden 1964 til 1987 er den dokumenterte gjennomsnittsfangsten for elve- og sjøfiske av Vossolaksen på nærare 11 tonn

- Det reelle produksjonspotensialet for Vossavassdraget er difor langt høgare enn det den offisielle fangststatistikken for vassdraget tilseier (jf. NOU 1999:9, vedlegg 1, s157)

I tillegg er det lagt vekt på at nasjonale laksevassdrag og laksefjorder skal ha ein god geografisk fordeling. Hordaland fylke som eit tidlegare svært viktig område for villaks er trekt fram som eit av dei fylka som bør prioriterast.

Positiv utvikling i bestanden

Det er registrert to viktige positive endringar i Vossavassdraget dei siste 2-3 åra. Det eine er at det er funne naturleg rekruttering i Raundalselva øvst i Vossavassdraget. Sjølv om det har vore laksetrapp i Palmafossen sidan slutten av 50-talet, har det ikkje vore observert laks eller naturleg rekruttert yngel i denne delen av vassdraget tidlegare. Men, i 2002 vart det registrert naturleg rekruttert lakseyngel ovanfor laksetrappa, og både i 2003 og 2004 har ein funne lakseyngel i alle årsklasser ved elektrofiske. Dette betyr at laksen har tatt i bruk eit nytt område som gir tilgang til nye 7-8 km lakseførande elv.

Ei anna svært positiv utvikling er at innsiget av villaks har auka dei siste åra. Dette er registret i fangstane til kilenøter og ruser som er plassert i dei inste delene av Osterfjordsystemet for å overvake gytebestanden. Ser ein på fangstane i Bolstadfjorden, den siste fjorden Vossolaksen må passere før den når elva, har fangsten av villaks auka frå 7 i 2000 til truleg over 70 i 2004.

Sjølv om fangstreiskapen har vorte endra i denne perioden viser det likevel eit bilete som samsvarar med resultat frå registreringsfiske i Vosso og notfiske lenger ute i Osterfjorden. Samtidig har andelen av oppdrettslaks dei to siste åra gått ned. I 2002 nådde innslaget av oppdrettslaks i gytebestanden ein topp med over 70 %, i fjor hadde andelen sunket til ca 50%. Sjølv om ein berre har midlertidige tal frå 2004, kan det sjå ut som om andelen oppdrettslaks vil utgjere mindre enn 30%. Dette er i så fall ei svært gledeleg utvikling!

Ser ein dette saman med at vannkvaliteten i elva er ”friskmeldt”, og at produksjonen av rogn frå Vossolaks i Levande Genbank i Eidfjord vil auke betydeleg dei næraste åra, vil ein ha gode føresetnader for å lukkast i arbeidet med å få Vossolaksen tilbake. Likevel vil det vere avgjerande at det framleis er eit forvaltningsregime i fjordsystemet som tek omsyn til villaksen. Dersom sikringssona forsvinn, og samtidig den strenge kontrollen med avlusing og sjukdom, vil arbeidet med å få tilbake Vossolaksen få eit kraftig tilbakeslag. Dersom Vosso vert utelatt som nasjonalt laksevassdrag, og dette fører til ei nedprioritering av midlar til forsking og tiltak rundt vassdraget, er ein redd for at all innsats til no er til liten hjelp. Å gi opp vassdraget vil vere ein tragedie både for grunneigarane langs vassdraget, Voss kommune som reiselivskommune og ikkje minst for Noreg sitt ansvar for å ta vare på eit biologisk mangfald. I Hordaland fylkeskommune si saksutgreiing er verdien av ein restituert stamme av Vossolaks rekna ut til å ligge på 20-40 millionar kr årleg.

Når ein tenker på kva som kan gå tapt, og setter dette opp mot konsekvensane for oppdrettsaktiviteten rundt Osterøya, må det vere andre enn faglege argument som ligg til grunn når oppdrettsnæring og fylkespolitikarar seier nei til ein nasjonal laksefjord her. For, sjølv om fjordane rundt Osterøy vert innført som ein nasjonal laksefjord vil oppdrettsnæringa kunne oppretthalde sin aktivitet på same nivå som i dag, jf. høyringsuttalen til fylkesmannen i Hordaland. Då kan ein ikkje forstå anna enn at det må vere i alle sin interesse å få Vossolaksen tilbake som ein tallrik storlaksbestand!

Oppsummering

Av dei fire kriteria som skal leggjast til grunn for ei utveljing av nasjonale laksevassdrag, tilfredsstiller Vossavassdraget 3 av dei. I tillegg tilseier ei geografisk fordeling at Hordaland bør ha med fleire enn eitt vassdrag på denne lista. Når det gjeld det fjerde kriteriet, ein tallrik laksebestand med høg produktivitet, meiner me at vassdraget er inne i ei positiv utvikling. Potensialet ligg der, og me har tru på at bestanden av Vossolaksen vil bygge seg opp att, dersom ein framleis får halde ein kontroll med lakselus, sjukdomar og rømt oppdrettslaks i Osterfjordsystemet, og det vert satsa vidare på forsking og kultivering i vassdraget.

 

Med helsing

Fagrådet for anadrom laksefisk i Vossavassdraget

 

Geir Ove Henden, sekretær                 Oddbjørn Helland, leiar                      Lars Birkeland, medlem

Stiftelsen Voss klekkeri                  Bolstadelva grunneigarlag             Bulken/Evanger elveeigarlag

 

Ivar Horvei, medlem                               Heine Mestad, medlem                            Ingar Fasteland, medlem

Evangervatnet grunneigarlag           Fadnes/Mestad elveeigarlag         Øvre Teigdalen elveeigarlag

 

Helge Gjernes, medlem                 Magnar Helland, medlem                          Karl Magne Bolstad, medlem

Vangsvatnet grunneigarlag         Hordaland grunneigar-                     Voss Naturvernlag

     og sjøfiskarlag

 

Michael Holmstrup, medlem                 Asle Bjørgaas, medlem

Voss Jeger- og fiskarlag                Evanger Sportsfiskarlag

 

 

Vedlegg: Innspel til høyring om oppretting av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, - handsaming av St.prp. 79, frå Stiftelsen Voss klekkeri og Fagråd for anadrom laksefisk i Vossavassdraget.

 

Sakshandsamar:           Kjersti Næss Finne, Stiftelsen Voss klekkeri, Strandavegen 59,

5700 VOSS, tlf 56 51 03 51



1 Datagrunnlaget i denne uttalen er henta frå DN-rapport ”Vossolaksen – bestandsutvikling, trusselfaktorer og tiltak” B. T. Barlaup m.fl. 2004. I tillegg har ein fått førebels og upubliserte resultat frå sesongen 2004 av Bjørn T. Barlaup, LFI, Zoologisk institutt, Universitetet i Bergen, og Voss klekkeri.