Ansvar for opprydding.

Fiskeri og kystdepartementet har sendt på høyring, ”Etablering av sikkerhetsordning for gjennomføring av opprydding for blåskjellanlegg”.  Framlegget vil ,om ikkje det vert endra, bety kroken på døra for blåskjellnæringa. 

Det som undrar oss er at ein i departementet ikkje har makta å tenke dei samme tankar overfor eit vel så stort problem knytt til havbruksnæringa, nemleg rømminga som skjer frå oppdrettsanlegga. 

I følge Fiskeridirektoratet er det innan utgangen av oktober 2006 rømt 543 000 laks og regnbogeaure.  Etter dette har det rømt 100.000 fisk frå eit anlegg i Austevoll og eit ukjent tal fisk i Jondal. Dette er dei rømmingane som er rapportert av oppdrettarane.  I tillegg veit vi at det er eit ukjent tal urapporterte rømmingar.  Trass i nye forskrifter om krav til anlegg, NYTEK, 2006 blir eit ”toppår” for rømd oppdrettsfisk. 

No krev villfiskintressene at det vert etablert ei forskrift som pålegg laksenæringa eit kollektivt ansvar for å bære kostnadane som elveeigarar, fiskarar og organisasjonar har for å rydde opp etter tallause rømmingar.

I motsetnad til i blåskjellnæringa er det økonomi i laksenæringa til å bære eit slikt ansvar.

 

Med helsing

Hardangerfjord Villfisklag                                        NJFF - Hordaland