
Fra leder i Granvin Fiskarlag, Sven-Helge Pedersen, har vi fått følgende
e-post:
GYTEFISKTELLING GRANVINVASSDRAGET.
I samband med Hardangerfjordprosjektet er det
dei tre siste åra gjennomført gytefisktellingar i ei rekkje elvar i
Hardanger.
Granvinsvassdraget er eit av dei som er
kartlagde der ein har tellt sjøaure og laks på gyteplassane. Første veka i
oktober var folk frå prosjektet i arbeid i elva. No ligg dei føreløpige
tala klar og det er svært oppmuntrande tal for sjøauren i Granvinvassdraget.
- Tilsaman 870 sjøaurar vart registrerte i
elvane opp- og nedstraums vatnet. Det er ein auke på heile 67 % i frå 2005
og ei tredobling av fisketalet frå 2004.
Skal desse tala ha ein verdi er det viktig med
ei lengre tidsrekkje. Ulike situasjonar kan påverke resultatet frå år til
år. Til dømes gir det truleg ikkje noko godt bilde av laksen sin situasjon
å føreta tellingar i byrjinga av oktober. Vi veit at laksen er seinare på
gyteplassane, både i øvreelva og nedom vatnet.
Men for sjøauren ser det med bakgrunn i teljinga
i haust ljosare ut.