
Fiskeklubben i Fusa på tokt med kvitegaleasen "Loyal"
ved Jan-Ottar Fosså, leiar Fusa Jakt- og Fiskelag, Fiskeklubben
Endeleg kom dagen som me hadde gleda oss til i fleire månader. Dagen rant med frisk nordavindskuling, men det var opplett og humøret var på topp. For no skulle nemleg 43 store og små frå fiskeklubben i Fusa på tokt og då skal det meir til enn ein kuling for å halda oss på land! Turen gjekk frå Forlandsvågen på Sotra, der har kvitegaleasen heimehavn må vita. Planen var å freista storseien utanfor Marsteinsboane, men nordavindskuling er ikkje sameint med fiske på opent hav, det vart difor ei naudløysing med fiske i livda, på sørsida av Sotra og bak Lysøen. Me fekk likevel ein tur ut i havgapet og med det, ein smakebit på korleis veret kan vera på storhavet. Etter dette gjekk me innatt i smulare farvatn der samtlege gjekk under dekk og hadde formiddagsmat! Så var det tid for fisking med tilhøyrande konkurranse. Skjeldan har vel Loyal likna meir på eit piggsvin enn denne dagen, det stakk ut fiskestenger mellom alle stag og rekker. Alle fiska, nokre få fekk fisk, og samtlege lærde litt om å løysa vasar på snøret. Deretter gjekk turen rundt Lysøen og Ole Bull sitt "slott", det var fleire "sabeltannar" som ville gå i land og sjå etter skattar, men dei slo seg til ro med ei ny fiskeøkt i staden. Det meste vart prøvd men fisken var ikkje i betet denne dagen.Det vart likevel ikkje heilt fisketomt, fem fiskar, -alle seiar, vart tekne ombord. Dette resulterte i fylgjande Premiering: Største fisk: Ole Malvin Øvreås med sei på 2,0 kg Nest største fisk; Runar Bolstad med sei på 1,1 kg Minste fisk: vart delt mellom Simen Samnøy, Kjetil Boge og Vegard Boge, alle hadde kvar sin sei på 0,7 kg. Deretter var det trøstepremiar og diplom til samtlege 23 ungar. Litt over klokka 16. fekk me atter fast grunn under føtene, deretter bar det heim til bunadsstryking og anna klargjering. Om du såg enkelte store eller små, som tok eit ekstra steg til sida i toget 17. mai, - veit du årsaka no!

Mønstring i Forlandsvågen

Nordleg kuling rundt Marsteinen Fyr.

Maten smakar sjølv om det gyngar.

Det er friskt på dekk.

Iherdige fiskarar.

Alle ungane samla bak roret.

Ein vert trøytt av sjølufta!

Desse har funne roen midtskips.

Loyal er ei stasleg skute.