PÅ JAKT ETTER FISKEN; KURS I GYTEFISKTELLING OG ELVEFORVALTING

 

Tekst og foto: Sveinung Klyve

Tusenvis av laks og sjøaure står kvar haust gyteklare i våre elvar.  Fisken er ikkje lett å sjå frå land, men uti elva med snorkel og maske møter du han på heimebane i full kamp om gyteplassane.  Dette kan du læra meir om i Daleelva i Vaksdal  11-12. oktober 2008.

 

Kurs i fiskeforvalting:

-For 4. året på rad vil me arrangera eige kurs i laksedykking i Daleelva i Vaksdal. Vaksdal kommune står bak dette saman med Dale jakt og fiskarlag og Norges Jeger og Fiskeforbund fylkeslag i Hordaland.  Kurset har som mål å gje grunnleggjande opplæring i dykking i elv som metode for å fanga stamfisk og å vurdera fiskebestanden, seier Alv Arne Lyse i  Hordaland jeger og fiskeforbund. Han  er svært nøgd med at dei har fått til ei slikt kurs no i tre år. Forvaltinga krev at ein har betre oversikt over gytebestanden av fisk i elvane, seier han.  

Kurset er lagt opp slik at ein kan vera med fyrste eller andre dag eller begge dagar. 

Fyrste dag går på opplæring i  bruk av utstyr og det å dykka i elva og sjå på fisk, opplæring i å fanga stamfisk og å telja fisk i elva med dykkardrakt  eller med på land med vadebukse.

Andre dag tek ein for seg tiltak med kartlegging og utfisking i innlandsvatn i Bergsdalen.

 

Kurset er berekna på folk som er tilknytta eit fiskarlag i ei elv, grunneigarar og andre som har med fiskeforvalting å gjera.

 

Gummimenn i elva:

Dei siste 13 åra har me telt og fanga stamfisk med dykkar i mange av elvane i Hordaland, seier Tore Wiers frå Vaksdal som saman med kollegar frå Universitetet i Bergen har utvikla ein metode for å telja fisken under vatn. Dette er på oppdrag frå  den statlege fiskeforvaltinga, kraftregulantar, elveeigarlag og kommunar. Eit lag på 2-4 dykkarar  startar øverst i elva og let seg driva nedover stryk og kulpar og tel så fisken undervegs. 

Me tel både sjøaure og laks og deler dei inn i vektgrupper etter storleiken. Sjøaure er det større mengder av og ofte stimar med fleire hundre fisk. Laksen er meir fåtallig og lettare å telja. Ein klarer også å skilja om fisken er vill eller oppdrett. Det er viktig for forvaltinga at ein veit kvar i elva fisken står og gyter og kor  mange det er frå år til år.

-Å møta fisken i sitt rette element er noko heilt anna enn å ha han i handa på land.  Alle vart utstyrt med tørrdrakt med hette og hanskar og maske med snorkel, men utan bruk av luftflasker. Dette er altså snorkling i overflata.  Det krev litt erfaring å få alt utstyret til å fungera slik at alt er tett, maska ikkje doggar osv. Me driv så nedover i straumen og får eit innblikk i kvar fisken oppheld seg i  hølar og strykparti, seier Tore Wiers, som også er leiar for kurset.

 

 

Bildetekstar:

 

Fargerik. Denne ville hannlaksen frå Ekso på 13 kg har stor krok i underkjeven og flotte  fargar i gytedrakta. Han står klar på gyteplassen.

 

Gurglelydar. Dykkaren under vatn er i si eiga verd saman med fisken. Gleda over å sjå stor fisk høyrest som gurglelydar på overflata.

 

Gummimenn.  Tore Wiers er instruktør på kurs i Daleelva  for å læra 9 gummimenn  å telja fisken under vatn.

 

  

Program:

 

n      11-12. oktober  2008 (alternativ dato ved stor vassføring er 18-19. oktober 2008)

n      Daleelva i Vaksdal kommune

n      Arrangør: Vaksdal kommune ved Sveinung Klyve

n      Arrangør: Dale Jakt og fiskarlag ved Inge Sandven

n      Arrangør: Hordaland jeger og fiskeforbund ved Alv Arne Lyse

n      Kursleiar: Tore Wiers

n      Økonomisk støtte ved miljøvernavdelinga i Hordaland

 

  

Lørdag 11. 10 program:  Anadrom del

Stamfiske i Daleelva - uttak av laks til klekkeri og praktisk del med snorkling i elva

 

n      Metode med bruk av garn, not, hov

n      Fangst uttak av oppdrettslaks

n      Sortering av stamfisk

n      Oppbevaring av fisken i notpose

n      Transport av fisken

n      Oppbevaring av fisken  over lengre tid

n      Omvising i Dale klekkeri sitt anlegg

n      El-fiske

n      Habitat-tiltak i Daleelva

n      Opplæring i bruk av drakt, maske og snorkel i elv

n      Praktisk øving i elva for å fanga stamfisk  med dykkar

n      Praktisk øving i elva for å telja fisk med dykkar

n      Gjennomgang av Dale jakt og fiskarlag sine metodar for 

      Stamfiske og kultivering av fisk

 

 

Pris kr 500 pr person inkl. enkel lunsj

 

Søndag 12.10 program:  Innlandsfiskedel

n      Metode med bruk av garn

n      Utsetjing av garn i ferskvatn

n      El-fiske av bekkar

n      Vurdering av fangsten

n      Strategi for utfisking i eit vatn

 

Pris for kurset: kr 500 pr dag pr deltakar. Dette inkluderer enkel lunsj begge dagar. Påmelding på e-post til hordaland@njff.org innan 8. oktober! Frammøte begge dager kl.10.00 om morgonen ved Dale JFL sitt klekkeri på Dale (attmed BKK sitt kraftverk).

 

Overnatting i villmarksleiren på Småbrekke for dei som ynskjer det.