Granvin den 24 oktober 2007                                   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Odda kommune, v/ordførar

Ullensvang Herad,v/ordførar

Eidfjord kommune,v/ordførar

Ulvik Herad,v/ordførar

 

 

 

FELLES HALDNING MOT AUKA PRESS PÅ LAKS OG SJØAUREBESTANDANE I INDRE HARDANGER.

 

Stortinget har etablert nasjonale laksevassdrag og –fjordar. Målet er å sikre dei viktigaste laksebestandane særskildt vern i vassdrag og fjordområde.

Hardangerrådet slutta seg i uttale til framlegget frå Direktoratet for Naturforvaltning om Eidfjordvassdraget som nasjonalt laksevassdrag og Eidfjord/Hardangerfjorden innom Varaldsøy som nasjonal laksefjord. Som ein er kjend med vedtok Stortinget ikkje å  støtta framlegget om Eidfjordvassdraget/Hardangerfjorden som nasjonalt laksevassdrag/-fjord. Samstundes vart også dei midlertidige sikringssonene for oppdrett av laksefisk fjerna.

 

I etterkant av stortinget si handsaming er presset på areal i Indre Hardanger sterkt auka. Pr. i dag ligg 8 søknader om løyve til oppdrett av laksefisk på lokaliteter til uttale i kommunane Eidfjord (1), Granvin (1), og Ullensvang (6). Produksjon av laksefisk i  Hardangerfjorden er dobla frå  2000 til 2007. Dette har i fylgje Mattilsynet skjedd utan at konsekvensane for økosystemet eller fiskehelsa er grundig analysert. I eit brev til Fiskeridirektoratet region vest 04.07.2007 etterlyser Mattilsynet for Hardanger og Sunnhordaland ei overordna vurdering i høve til bærekraft.

 

I brev til Fiskeri- og kystdepartementet 22.08.2006 ber fiskeridirektøren om at Hardangerfjorden vert gjordt til ”et spesielt forvaltningsområde regulert med egen forskrift i  tidsbegrenset periode (eksempelvis 10 år). Et slikt forvaltningsregime må etter fiskeridirektørens oppfatning ha bærekraftig næringsutvikling som mål, være basert på involvering av relevante interesser, være kunnskapsbasert og ha klare tålegrenser som ved overskridelse utløser forutsigbare forvaltningsgrep”.

 

Nye konsesjonar for oppdrett av laksefist innom den tidlegare sikringssona vil bety ein sterkt forverra situasjon for dei lokale fiskestammene.  Hardangerfjorden er på fleire måtar i ein særstilling, samtlege lakse- og sjøaurebestandane, kanskje med Etneelva som unnatak, er sterkt redusert og dels dramatisk små.

 

Underteikna ber med dette om at kommunane i Hardanger tek eit felles initiativ til ei felles haldning til å oppretthalde dei indre sjøareala i Hardangerfjorden frie for oppdrett av laksefisk.

 

 

Med venleg helsing

 

 

Olav Seim

ordførar Granvin Herad

 

Kopi: Hardangerrådet