
|
v/Svein Hjelmeland |
|
Stogg i fiske i Omvikedalselva i Kvinnherad
Fylkesmannen i Hordaland stoggar fisket etter laks og sjøaure i Omvikedalselva i Kvinnherad. Vedtaket vert gjort med heimel i Lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.m. § 11 og 12. Vedtaket gjeld alt fiske i Omvikedalselva så langt opp laks og sjøaure kan vandre, samt i 100-meterssona i sjøen utanfor vassdraget.
Bakgrunnen for vedtaket er at det har vore eit utslepp av gjødsel til elva, som har teke livet av store mengder av alle årsklassar av laks og sjøaure. Fylkesmannen har vurdert det naudsynt å stogge fisket til stammane av laks og sjøaure har fått restituert seg. Det er usikkert kor lang tid dette vil ta. Mellom anna vil det vere naudsynt at alle gjødseltankar langs vassdraget vert sikra slik at ikkje slike uhell kan skje fleire gongar. Vedtaket gjeld difor inntil vidare.
Vedtaket kan påklagast til Direktoratet for naturforvaltning via fylkesmannen si miljøvernavdeling etter reglane i kap. VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast innan 3 veker frå vedtaket tek til å gjelda, dvs. frå det tidspunkt melding er motteke.
Med helsing
|
Kjell Kvingedal e.f. |
Atle Kambestad |
|
seksjonssjef |
fiskeforvaltar |
Gjenpart:
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 Trondheim
Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal
Lensmannen i Kvinnherad, 5470 Rosendal
Kvinnherad jeger- og fiskerforening vNils Tungesvik, Bogsnes, 5460 Husnes
Sportsfiskaren Kvinnherad, Heio 17, 5452 Sandvoll
SNO, her