Øystese jeger- og fiskarlag

Boks 17

5604 Øystese

Øystese 18. mai 2009

 

Web: www.oystesejfl.org

E-post: postmaster@oystesejfl.org

Org nr: 993 271 195

 

Lokallaga/fylkeslaga på Vestlandet

Innbyding til vestlandsmeisterskapet i jegertrap.

 

Øystese jeger- og fiskarlag vil by inn til vestlandsmeisterskapet i jegertrap laurdag 20.juni.

Skyting

Skytinga føregår på Melstveit, avkøyrsle frå rv7 ca 2,5km aust om Øystese.  Skytinga startar kl 09:00, med 60 deltakarar reknar me med at finaleskytinga startar kl 17:00.  Alle deltakarane skyt 50 skot i to påfylgjande lag. 

Det vert to presskytingar med finalar kl 16:00

Førehandspåmelding

Me tilrår sterkt at laga nyttar seg av førehandspåmelding.  Dei med lengst reiselengd vil verta prioriterte med omsyn til skytetid.  Fristen for førehandspåmelding er 10.juni.  Påmelding skjer til postmaster@oystesejfl.org.  Med i påmeldinga må for kvar deltakar vera namn,  medlemsnummer, klasse og klubb.  Dersom ein melder på lag til lagskytinga må det gå fram av påmeldinga kven som skal vera med på laget

Skytetider

Frå 11.juni vil skytetidene til alle deltakarane  liggja på www.oystesejfl.org/vm09 

Prisar

Prisen er kr 350 inkl skot, prisen utan skot er 280.  Juniorar betalar kr 250 inkl skot, kr 180 utan.

Anna informasjon.

Det vert sal av mat på banen.  Til premiar vert det nytta ryggsekkar frå Norrøna og krystall frå Magnor.  I tillegg kjem plakettar. 

 

Ta kontakt med oss på postmaster@oystesejfl.org dersom de har spørsmål.

 

For Øystese jeger- og fiskarlag

 

Tormod Lunestad                 

Leiar                                                  

Mobil: 90525117                               

Adresse: Boks 25, 5604 Øystese